Mållagsleiar Magne Aasbrenn (f.v.) deler ut Næringslivets nynorskpris til Anita Røyrvik og Cicilie Færestrand frå ferjeselskapet Fjord1. Arne Hjelnes har sete i juruyen og var òg med på utdelinga.
Mållagsleiar Magne Aasbrenn (f.v.) deler ut Næringslivets nynorskpris til Anita Røyrvik og Cicilie Færestrand frå ferjeselskapet Fjord1. Arne Hjelnes har sete i juruyen og var òg med på utdelinga. (Kjell Åsmund Sunde/NPK)

Fjord1 får Nynorsk næringslivspris

Nynorsk næringslivspris 2017 går til ferjekonsernet Fjord1. Dei får prisen mellom anna fordi dei brukar nynorsk aktivt i møte med kundane.

NPK: – I dag er det stor stas for meg å stå her med to representantar frå det største ferjeselskapet i Noreg. Vinnaren i år er ferjeselskapet Fjord1 med hovudsete i Florø, sa mållagsleiar og jurymedlem Magne Aasbrenn under utdelinga.

Naturleg del av verksemda

– Vi synest det er veldig stas å vinne denne prisen og vi er positivt overraska, seier Cicilie Færestrand, som er HR-leiar i Fjord1, til Nynorsk pressekontor.

Ho tok i mot prisen saman med kollega Anita Røyrvik, og båe var samde om at nynorsken er noko som kjem naturleg i ferjeselskapet.

– Vi brukar nynorsken aktivt og tenkjer kanskje ikkje noko spesielt over det i kvardagen. Då er det jo ekstra stas å at språkbruken blir lagt merke til, og at vi får denne typen merksemd, seier Færestrand.

– Vi er stolte nynorskbrukarar og veldig glade for å få denne prisen, legg kollega Røyrvik til.

Fjord1 viser «Viljen til språk»

Aasbrenn hadde mykje fint å seie om språkbruken i Fjord1 under utdelinga.

– I ein bransje der bokmål dominerer veit vi at det perfekte ikkje alltid er oppnåeleg, men Fjord1 viser det same som ein kjend boktittel «Viljen til språk», sa Aasbrenn og refererte til jubileumsboka til Mållaget som kom ut i 2006.

Den som kom med framlegg om å nominere Fjord1 til prisen og som sjølv sat i juryen, var Arne Hjeltnes. Han deltok sjølv på utdelinga og også han hylla språkbruken til den ferske prisvinnaren.

– Det som er utruleg viktig, er at nynorsken har gode kanalar. Ein kanal der folk møter nynorsken kvar dag er nettopp på ferjer, sa Hjeltnes under utdelinga.

Vil òg gi Fjord1 svelepris

I tillegg til det språklege trekte også Hjeltnes fram svelene på ferjene til Fjord1.

– Det som er ekstra kjekt for oss som tar mykje ferje på Vestlandet, er jo at de framleis serverer dei heilt fantastiske svelene. Hadde det vore ein svelepris så skulle de fått den og, skjemta Hjeltnes.

I tillegg til Hjeltnes og Aasbrenn sat Mariann Njøsen, Nina Berge Rudi og Øystein Skjæveland i juryen. Dette er niande gong Mållaget deler ut denne prisen.

Til toppen