FEKK PRIS: Ferjeselskapet Fjord1 vart kåra til årets maritime lærebedrift 2016 under Haugesundskonferansen onsdag.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FEKK PRIS: Ferjeselskapet Fjord1 vart kåra til årets maritime lærebedrift 2016 under Haugesundskonferansen onsdag.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Fjord1 fekk opplæringspris

Ferjeselskapet Fjord1 vart kåra til årets maritime lærebedrift 2016 under Haugesundskonferansen onsdag.

Fylket: HR-sjef i Fjord1 Cicilie Færestrand tok imot prisen på vegner av reiarlaget frå næringsminister Monica Mæland (H) under konferansen, som tar for seg rammevilkår og utfordringar for dei maritime næringane.

– Vi er stolte over å få denne prisen. For oss er det ei viktig verdsetting av arbeidet vi gjer med opplæringsstillingar som ledd i den framtidige rekrutteringsstrategien, seier Færestrand i ei pressemelding.

Fjord1 tar imot kandidatar og lærlingar frå mange kantar og tok seg i fjor av til saman 84 læringar og 40 kadettar gjennom året. I snitt har reiarlaget rundt 60 lærlingar i matros- og motormannfaget.

Prisen blir delt ut av Stiftelsen Norsk Maritim Kompetanse (SNMK) og har tidlegare gått til Hurtigruta, Simon Møkster Rederi og Island Offshore. (©NPK)

Til toppen