REKORDTAL: Aldri har Fjord1 tent meir pengar enn dei gjer no.
REKORDTAL: Aldri har Fjord1 tent meir pengar enn dei gjer no. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Fjord1 har aldri tent meir pengar

Reiarlaget Fjord1 har levert det beste halvårsresultatet i selskapet si historie, går det fram av ei pressemelding.

Resultatet før skatt er på 150,9 millionar kroner for første halvår i år. Same periode sist år var resultatet 31,1 millionar, noko som gir ei forbetring på 120 millionar kroner, skriv Sunnmørsposten.

Selskapet listar opp betra vilkår i enkeltkontraktar og lågare olje- og finanskostnader som dei viktigaste årsakene til forbetringa.

 

Til toppen