GODT RESULTAT: I tredje kvartal omsette Fjord1 for over 700 millionar kroner.
GODT RESULTAT: I tredje kvartal omsette Fjord1 for over 700 millionar kroner. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes / Arkiv)

Fjord1 med overskot på 115 millionar i tredje kvartal

I tredje kvartal melder ferjegiganten om historisk høg aktivitet og eit godt resultat.

Sogn og Fjordane: Selskapet leverer eit netto overskot etter skatt på 115 millionar kroner i tredje kvartal for 2019. Omsetninga vart på 705 millionar kroner, og eit driftsresultat på 278 millionar kroner. 

Omsetninga vil veksa til neste år når nye kontraktar startar opp 1.januar 2020, skriver selskapet i ei pressemelding. 

– 2019 er eit overgangsår med endringar i kontraktsporteføljen og store investeringar i null- og lavutsleppsfartøy og utbygging av ladeinfrastruktur. Dette forsterkar vår posisjon som den mest miljøvenlege leverandøren av ferjetransport i Noreg, seier administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.

13 nye hybridferjer i 2020

Fjord1 har per i dag 17 hybridelektriske farty i ferjeflåten og innan andre halvår 2020 vil selskapet ha ytterlegare 13 hybridelektriske fartøy i operasjon.

Frå 1.januar startar Fjord1 drift av ni nye samband i Hordaland, alle med ny miljøvennleg teknologi. 

Sambandet Anda-Lote på Nordfjordeid har vore drifta elektrisk i 1,5 år, og erfaringar etter å ha passert 50.000 ladningar viser at teknologien fungerer som venta. Også innan reiselivsområdet er det gode erfaringar med heilelektrisk drift.

Til toppen