BLIR: BØRSNOTERT: Per Sævik (innfelt) sitt Havilafjord håpar å hente inn ein del av dei 1,7 milliardar kronene som trengst for å kjøpe resten av aksjane til Sogn og Fjordane fylkeskommune i ferjeselskapet ved å børsnotera selskapet. Illustrasjonsfoto

Fjord1 på veg til børsen

Fjord1-eigar Havilafjord vurderer å børsnotere halve Fjord1.

Fylket: Planen er at Havilafjord skal sitje igjen med 51 prosent av aksjane etter ei børsnotering, skriv næringslivsavisa Nett.no.

Havilafjord håpar på denne måten å hente inn ein del av dei 1,7 milliardar kronene som trengst for å kjøpe resten av aksjane til Sogn og Fjordane fylkeskommune i ferjeselskapet, slik dei har opsjon på. Fylkeskommunen eig framleis 33 prosent av selskapet, mens Havilafjord frå nyttår av vart majoritetseigar med resten av aksjane.

Les også: Havilafjord får kjøpe Fjord1

Ifølgje ein investorpresentasjon frå Fearnley Securities, blir aksjane prissett til 32–35 kroner, noko som prisar heile selskapet mellom 3,2 og 3,5 milliardar kroner.

Følgjer saka tett

F1 Holding AS er Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt holdingsselskap for eigarskapen i Fjord1 AS. F1 Holding AS er part i avtaleverket med Havilafjord AS og arbeider med å oppfylle dette på vegner av Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

Fredag skriv selskapet ved styreleiar Aleksander Øren Heen i ei pressemelding at dei er kjend med tankane og noko dei har orientert fylkesordførar Jenny Følling om etter kvart som saka har utvikla seg.

– F1 Holding AS har inga sjølvstendig formeining om ei børsnotering vil vere bra eller dårleg for Fjord1. Den vurderinga ligg til styret i Fjord1. Vår oppgåve er å ivareta Sogn og Fjordane fylkeskommune sine interesser og sørgje for at fylkeskommunen får det oppgjeret som er avtalt med Havilafjord AS og som eit samrøystes fylkesting har godkjend, opplyser dei i pressemeldinga.

– Spørsmålet om regionalt eigarskap har vore eit tema, og det var òg ein viktig føresetnad for at fylkestinget vedtok sal. F1 Holding AS meiner dette vilkåret ikkje er tilstrekkeleg oppfølgt då Havilafjord AS ikkje har involvert F1 Holding AS i dette arbeidet. Dette er noko me vil jobbe vidare med. 

F1 Holding AS seier dei vil følgje saka tett og at dei vil nytte verkemiddela som ligg i avtaleverket for å sikre at fylkeskommunen får det oppgjeret som er avtalt mellom partane og at avtaleverket elles vert følgt.

Til toppen