Oppdaterte tal som avisa har fått innsyn i, viser at rådgivarane så langt har fått nesten det dobbelte av den først opplyste summen på 11 millionar kroner. I tillegg kjem det fram at konsulentoppdraget aldri blei lyst ut på anbod.
– Vi forventar at fylkesrådmannen følgjer regelverket, seier Frank Willy Djuvik (Frp). Han leier kontrollutvalet i fylkeskommunen, som no har bedt Deloitte om å undersøkje salsprosessen nærmare.
Les også: – Redda av gongongen
Les også: Fylkesutvalet samrøystes om sal til Havila
Det var fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane, Tore Eriksen, som vurderte at dei skulle hyre inn konsulentane frå Wiersholm og DHT Corporate utan å sette avtalen ut på anbod. Denne avgjerda skal han ha landa på etter å ha lese eit notat frå Wiersholm sjølv, der det blir slått fast at innkjøpet av konsulenttenestene «ikkje er omfatta av forskrift om offentlege innkjøp».
Les også: Forbyr Torghatten-Fjord1
Djuvik kallar ein slik praksis «veldig feil», medan fylkesrådmannen verken vil bekrefte eller avkrefte opplysningane.
– Denne prosessen går føre seg no, og både når det gjeld fakta og vurderingar vil eg svare kontrollinstansane. Eg kommenterer ikkje denne saka så lenge den går for kontrollutvalet, seier Eriksen.