Sogn: Søndag vart det kjend at manuell billettering vert stoppa ved alle ferjesambanda som er på riksvegar for å unngå koronasmitte. Fjord1 skriv i ei pressemelding søndag kveld at dei stoppar billettering på alle samband, inkludert fylkesvegar
Alle Fjord1-ferjer som ikkje har autopassbetaling tek dermed ikkje mot betaling fram til selskapet har funne alternative løysingar. Der det er mogleg å ta betalt via skiltnummeret, vert dette gjort.
Passasjerar går førebels gratis på ferjene.
Kontantbetaling utgår også på passasjerbåtane i Vestland.
I tillegg stoppar Fjord1 alt kiosksal om bord i ferjene, både i betente og sjølvbetente kioskar.
Ferjeselskapet oppmodar elles dei reisande til å bli sitjande i køyretøyet under overfarten.