Sogndal: Før helga kom det endelege punktumet. Ein dom, eller eit overskjønn som det heiter, har fastsett kor mykje grunneigarane langs fjordstien skal få i kompensasjon.
Det var kommunen på den eine sida, som meinte dei måtte betale for mykje i det første skjønet, mot tjue grunneigarar i strandsona på den andre, som meinte dei fekk for lite.

Fasiten er ein knusande siger for kommunen. Verst gjekk det ut over Hofslund Fjordhotell som fekk nesten to millionar mindre i erstatning.
– Me vart veldig overraska over at det vart eit så stort sprik. Det gjeld ikkje berre hotellet, men dei fleste grunneigarane. Det er snakk om til dels svært låge kompensasjonar, seier dagleg leiar Mona Sviggum.
Les også: Grunneigarane får millionar mindre i erstatning for fjordstien
Les også: Bli med langs den nye fjordstien
Siger for kommunen
Berre èin eigar fekk auka erstatninga og då med fattige 50 000 kroner. Dei nitten andre kom likt eller mykje dårlegare ut.
Berre sjå her:
- Tolv av grunneigarane fekk redusert erstatninga. Summane varierer frå 25 000 til nesten to millionar mindre i kompensasjon. Samla utgjer det ein reduksjon på nesten fire millionar kroner.
- Seks eigarar fekk same erstatning. I fem av tilfella var snakk om summar under 100 000 kroner, i det siste var erstatninga 1,1 millionar.
- Ein siste eigar får auka erstatninga med 2,7 millionar, men mistar i same slengen ein garasje ho fekk behalde i det opprinnelege skjønet.

Taper både som privatperson og hotelleigar
Mona Sviggum fekk dobbel dose nedtur. Som eigar av Hofslund Fjordhotell måtte ho sjå at erstatninga der er redusert frå 2,2 millionar til 275 000 kroner. Men ho eig òg naboeigedomen til hotellet. Der gjekk erstatninga ned frå 250 000 til 75 000.
– Du forstår det nesten ikkje. Spesielt når du ser kva eigedomane er verdt i Sogndal. At det blir gjeve 50.000 og 75.000 kroner i kompensasjon for ein eigedom som har mista strandlinja..., seier Sviggum, men finn ikkje orda som kan fullføre setninga.
Ikkje minst for hotellet er det eit nederlag å bli sitjande igjen med så lite.
– Me mister strandlinja vår. Det er det vel knapt noko hotell i Sogn og Fjordane som har. Det er veldig sjeldan og var eit veldig konkurransefortrinn å ha den idyllen, seier Sviggum.
– Du kunne sitte på plenen og omtrent ha beina i sjøen. Det var noko heilt unikt og genuint som no har blitt borte. At det ikkje blir verdsett meir er veldig overraskande. Me forstår det eigentleg ikkje, seier Sviggum.