TIL ÅRDAL: I november og desember reiser Sogn og Fjordane teater (SoFt) rundt i fylket med stykket «Fjordmann», som har terror som tema. 3. desember blir stykket vist fram i Årdal. Foto: Sogn og Fjordane teater.
TIL ÅRDAL: I november og desember reiser Sogn og Fjordane teater (SoFt) rundt i fylket med stykket «Fjordmann», som har terror som tema. 3. desember blir stykket vist fram i Årdal. Foto: Sogn og Fjordane teater.

«Fjordmann» blir vist i Sogn og Fjordane

I november og desember reiser Sogn og Fjordane teater (SoFt) rundt i fylket med stykket «Fjordmann», som har terror som tema.

Årdal: Stykket har urpremiere i Førde 19. november og er den store satsinga til teateret i haust, fortel nettmagasinet til SoFt. «Fjordmann» fortel historia om den unge mannen Mads, som endar som massedrapsmann etter å ha sett fyr på eit asylmottak.

– Vi ante ikkje at handlinga skulle bli så aktuell, seier teatersjef Terje Lyngstad, og viser til asylbrannane i Sverige den siste tida.

Karakteren Mads er basert på gjerningsmannen bak Trodal-drapet i Trodalen utanfor Førde i 1838. Med stykket ønskjer teateret å rette søkjelys mot og «skape debatt om terror og ugjerningar som sluttar med ein tragedie».

– Umenneskelege handlingar er dessverre ein del av det menneskelege. Sjølv om det skal fordømast, må vi òg prøve å forstå motiva. Nokon vil trekke parallellar til Anders Behring Breivik, men eg har ikkje laga teater om han, seier forfattar av stykket Stig Amdam i nettmagasinet til SoFt.

Stykket blir spelt ulike stader i Sogn og Fjordane i perioden 19. november til 11. desember. (©NPK)

Til toppen