Sogndal: Advokat Jens Stedje Røegh fekk ikkje gjennomslag for at fjordstidommen i Gulating lagmannsrett var i strid med Grunnlova.

Han hadde anka til Høgsterett på vegner av ein klient som vart dømt til å rive garasjen for å gje plass til fjordstien. For ei drøy veke sidan vart anken avvvist og i tillegg vart den tapande parten dømt til å betale Sogndal kommune sakskostnader på 18 000 kroner.
– Vi er skuffa, men må berre ta det til etteretning. Vi har prøvd alle kanalar. Det har ein verdi det òg, å vite at vi har prøvd alt, seier advokaten.
Les også: Denne garasjen kan bli mat for Høgsterett
Endeleg punktum for lang strid
Han forklarer avvisinga med at anken ikkje var prinsipiell nok.
– Høgsterett har berre kapasitet til å ta saker som aldri før har vore behandla i norsk rett, seier han.
Avslaget betyr samstundes at erstatninga til alle dei tjueto eigedomane som måtte avstå grunn til fjordstibygginga, også til vidareføringa av den, no er fastsett.
Ordførar Jarle Aarvoll er glad for at ein lang strid har kome til vegs ende.
– Av og til er det naudsynt med rettslege prosessar, sjølv om det beste hadde vore å greia seg utan. No er i allefall er kommunen sin rettstilgang til dei ulike områda endeleg avklara og det er greitt å få avklart, seier Jarle Aarvoll.
Måtte ut med tre millionar ekstra
Totalt enda summen kommunen måtte ut med til grunneigarane på 8,3 millionar kroner, i tillegg til 4,2 millionar kroner i sakskostnader. Halvparten av summen får kommunen dekt av Miljødirektoratet.
Politikarane hadde tidlegare sett av tre millionar kroner til grunnerverv, medan fasiten viste at det var drøye tre millionar for lite.
I går bestemte kommunestyret at den auka kostnaden på 3,26 millionar kroner skal finansierast ved å ta av konsesjonsavgiftsfondet.