Sogndal: Million-satsinga Fjordstien er no open for alle.
– Heile Fjordstien er open.
Onsdag opna delen ned frå busslomma på Helgheim og bort til Sogndal sentrum, som har vore under utbyggjing det siste året, seier Silje Skuset, Prosjekt og byggeleiar i Sogndal kommune.
Delen frå Helgheim og bort til Loftesnesbrua er framleis under utbyggjing under Statens vegvesen.
– Den blå delen av stien var ferdig i 2016, no har me opna den grøne og den gule delen, seier Skuset.

– Det gjenstår framleis noko arbeid for å få anlegget heilt ferdig. Det skreiv Sogndal kommune i ei felles pressemelding onsdag.
Det er berre knappe månaden igjen til Fjordstien skal offisielt opna 24.august.
I mars i fjor skreiv Porten.no at 1,5 kilometer Fjordsti i Sogndal skulle koste seksti millionar. Den første delen er ferdig og kosta omlag 40 millionar kroner, den andre delen er forventa å koste 18,5 millionar.