KJERNA TIL STRIDEN: Fjordstien i Sogndal stod ferdig i sommar, men det endelege oppgjeret vil truleg hamne i retten. Foto: arkiv.
KJERNA TIL STRIDEN: Fjordstien i Sogndal stod ferdig i sommar, men det endelege oppgjeret vil truleg hamne i retten. Foto: arkiv.

Fjordstientreprenør krev kommunen for millionsum 

Går truleg mot rettsak.

Sogndal: Entreprenørfirmaet Contexo fekk tilslaget på å byggje første del av fjordstien i Sogndal, eit prosjekt som vart avslutta i sommar og har kosta over 30 millionar kroner. Men selskapet og kommunen er ikkje blitt samde om prisen på det ferdige arbeidet.

Begge partane er tilbakehaldne med informasjon, men etter det Porten.no har grunn til å tru er det summar i millionklassen som skiljer dei to.

– Eg synst ikkje det er riktig å prosedere dette i noko avis, seier ein ordknapp Knut Brusletto, dagleg leiar i Contexo.

Les også: Bli med langs den nye fjordstien
Les også: Kommunen slepp truleg rekninga for miljøgift-tabbe

– Det er eit stort beløp

Contexo-sjefen hevdar dei har prøvd å få i stand møter med kommunen for å diskutere saka. Men at det ikkje skal ha vore heilt lett å få til.

– Du oppfattar det slik at kommunen ikkje vil møte dykk?

– Ja, seier Brusletto utan å ville utbrodere noko meir. 

– Vi har høyrt at de krev 9 millionar kroner meir enn det kommunen vil gje. Stemmer det?

– Det blir feil å seie noko om, men det er eit stort beløp. 

Kan gå mot rettsak

Når partane er så langt frå kvarandre er det lett å anta at det heile går mot rettsak. Når vi spør om det er tilfelle kjem den daglege leiaren med eit halvt kryptisk svar:

TILBAKEHALDEN: Rådmann Jostein Aanestad er tilbakehalden med informasjon om konflikta mellom kommunen og selskapet som har bygd Fjordstien.
TILBAKEHALDEN: Rådmann Jostein Aanestad er tilbakehalden med informasjon om konflikta mellom kommunen og selskapet som har bygd Fjordstien.

– Det er vel slik det føregår, det, seier Brusletto, før han legg til at dei har sendt brev til kommunen og difor enno har eit håp om å få til eit møte.

Les også: Fjordhotellet mister strandlinja, men får lite attende

Rådmann Jostein Aanestad i Sogndal har ikkje registrert noko brev med eit slikt ønskje, men ber om å få sjekke det nærare.

Utover det ønskjer han òg at det meste av informasjon skal forbli mellom dei to partane.

– Det er avgrensa kva eg kan kommentera, seier rådmannen, men stadfester at det i hovudsak er pengar usemja dreiar seg om.

Til toppen