Aurland: Skipet fekk onsdag utdelt prisen i Hamburg på verdast største skipsfartsmesse SMM.
Ifølgje Rolf Sandvik i The Fjords er det miksen av miljøbevisstheit og gjestekomfort som gjer at dei har utmerka seg i konkurransen.
– Juryen forstod at me, eigarane våre Fjord1 AS og Flåm AS, har ein strategi inn i framtida til ei miljøsatsing som ivaretar våre fantastiske fjordar som Nærøyfjorden er eit døme på, seier han i ei pressemelding.
– Samstundes gir me gjestane våre som har eit ønske om å kome så nær naturen som mogleg i eit fartøy, sjansen til nettopp dette. Vision of The Fjords er det første fartøyet som er bygd og spesialdesigna for å gi gjestene våre ei slik oppleving.
Han legg til at dei er stolte av å få ein slik pris.
– Unikt
Båten går i rute fleire gonger for dagen mellom Flåm og Gudvangen. Teknologien i seg sjølv har vore nok til å skape overskrifter over heile verda denne sommaren etter at båten vart sett i rute, men også designet let folk seg begeistre over.
– Dette er ei reise som er ulikt noko anna på eit fartøy som er unikt i verda, legg Sandvik til.
Det er det høgt respekterte shipping-magasinert Skipsrevyen som deler ut denne prisen. Der blir lesarane først bedne om å nominere sine favorittar før ein jury tar den endelege avgjersla.