KLAR FOR TRAFIKK: Den 21. juni kjem den nye fjordcruisebåten Vision of the Fjords i trafikk på Nærøyfjorden i Aurland.​ Foto: The Fjords.
KLAR FOR TRAFIKK: Den 21. juni kjem den nye fjordcruisebåten Vision of the Fjords i trafikk på Nærøyfjorden i Aurland.​ Foto: The Fjords.

«Fjordsyn» klar for trafikk

Den 21. juni kjem den nye fjordcruisebåten Vision of the Fjords i trafikk på Nærøyfjorden i Aurland.

Aurland: Den 40 meter lange karbonfiberbåten kan ta opptil 400 passasjerar og er forma ut med fjellsti-inspirerte klatrevegar opp til toppdekket.

Hybridbåten kan gå på diesel i Aurlandsfjorden og sigle stillare inn i Nærøyfjorden på elektrisk kraft.

Operatøren, The Fjords, er eigd av ferjeselskapet Fjord1 og turistselskapet Flåm. Det nye flaggskipet er bygd av Brødrene Aa i Hyen. (©NPK)

Til toppen