FJORDTURISME: Høge fjell og djupe fjordar får utanlandske turistar til å opne lommeboka. Reiseselskapet Fjord Tours har meir enn dobla omsetninga dei siste åra. ​Foto: Jan Christian Jerving.
FJORDTURISME: Høge fjell og djupe fjordar får utanlandske turistar til å opne lommeboka. Reiseselskapet Fjord Tours har meir enn dobla omsetninga dei siste åra. ​Foto: Jan Christian Jerving.

Fjordturistar gull verdt

Høge fjell og djupe fjordar får utanlandske turistar til å opne lommeboka. Reiseselskapet Fjord Tours har meir enn dobla omsetninga dei siste åra. 

Aurland: – Ja, det blei nok eit fantastisk år for oss. Det er berre kjempegøy, og eg må rose denne vesle organisasjonen vår med 12,5 årsverk. Vi trekker i flokk og presterer endå ein gong, seier administrerande direktør Steinar Aase til Dagens Næringsliv.

Selskapet hans tilbyr reisepakkar med offentlege transportmiddel til i hovudsak utanlandske turistar og er særleg kjent for fjordrundreisa "Norway in a nutshell". I fjor sat dei igjen med eit driftsresultat på nær 40 øre for kvar omsette krone. Men Aase er usikker på om dei komande åra blir like gode. Han fryktar at dei store utanlandske reiseselskapa som Hotels.com og Booking.com er svoltne på å ta ein større bit av den norske reiselivskaka.

– Vi må passe oss så ikkje dei store nettreisegigantane tek kontrollen over det norske reiselivsproduktet, seier Aase til avisa, og rosar samtidig Hotel Ullensvang i Hardanger for å bryte samarbeidet med dei store nettoperatørane.

Pilene peikar uansett framleis kraftig oppover for det norske reiseselskapet. I januar hadde Fjord Tours ein vekst i nettsalet på 40 prosent. Det er direktør Steinar Aase godt nøgd med.

– Vi må forstå at for ein turist frå Rio er det ekstremt spektakulært å ake på akebrett eller sjå frosne elver. Det er veldig gledeleg at vi får opp vintertrafikken og at mange overnattingsbedrifter som har vore råka av oljenedturen no får vekst igjen.

(©NPK)

Til toppen