8. mai 2020 er det 75 år sidan freden kom attende til Noreg etter fem lange år med krig og okkupasjon.
8. mai 2020 er det 75 år sidan freden kom attende til Noreg etter fem lange år med krig og okkupasjon. (Foto: Privat)

MEININGAR

Flagget til topps på frigjerings- og veterandagen 8. mai!

– For 75 år sidan vakna Noreg til meldinga om at krigen endeleg var over, skriv Bjarte Stedje og Kristin Rundsveen Bøtun.

Meiningar: 8. mai 2020 er det 75 år sidan freden kom attende til Noreg etter fem lange år med krig og okkupasjon. På frigjerings- og veterandagen heidrar vi fridomen, og vi heidrar norske veteranar frå andre verdskrig og fram til dagens internasjonale operasjonar.

For 75 år sidan vakna Noreg til meldinga om at krigen endeleg var over. I fem år var Noreg okkupert av ei framand statsmakt, og tyske soldatar marsjerte i landet med våpen i hand. Mange mista livet, og mange levde år i fangeleirar. Det var fem år med redsle, avmakt, manglande ytringsfridom, matmangel og stengde skular.

Vi er heldige

Kanskje sett dagens situasjon og dei siste vekene nettopp frigjeringsdagen i eitt nytt lys, no etter at vi alle har fått ein ørliten smakebit av kva fridomsinnskrenking kan kjennes som. Ein liten flik av ei murrande usikkerheit rundt kva framtida bringer, og ei påminning om at fridom til å gjere som vi vil ikkje er ei sjølvfølge. Likevel, i eitt av verdas rikaste, tryggaste land, har vi eitt godt sikkerheitsnett, trass verdsomspennande, pågåande pandemi. Vi er heldige.

Om lag 100 000 norske kvinner og menn er forsvarsveteraner. Ein veteran er ein norsk statsborgar som har delteke eller deltek i fredsbevarande, fredsopprettande eller statsbyggande innsats i andre land, frå utanriks-, justis- og forsvarssektoren. Veteranane har tenestegjort i internasjonale operasjonar i over 40 land, i fire verdsdelar – i nesten hundre ulike operasjonar. Det finnes like mange individuelle veteranhistorier rundt om i det langstrakte landet vårt. Rundt 130 av dei er her i indre Sogn.

Heis flagget til topps

Som veteran er ein rett og slett eit menneske med ulike og unike røynsle. Ein person som med uniforma på og flagget på skuldra har valt å reise ut i usikkerheit.

Anerkjenning for det ein har vore med på betyr mykje, og interesse frå folk ein har rundt seg er viktig. For enkelte kan overgangen til ein kvardag i fredelege Norge vere stor, og minna ein ber med seg pregar kvardagen til den enkelte veteran i større eller mindre grad. Kvar og ein veteran har si historie, og det at storsamfunnet viser at innsatsen blir respektert og sett pris på er viktig.

Det er ekstra leit at vi i år ikkje får markert jubileet for frigjeringsdagen heilt fritt og etter eiget ynskje. Fridom er ikkje gratis, ei heller ei sjølvfølge. Ein varm tanke til alle som har lagt ned innsats, og til alle som nett no står på vakt for fred, fridom og tryggleik.

Vi håper alle nytter årets frigjerings- og veterandag, fredag 8. mai, til å heise flagget til topps!

Til toppen