FLÅKLYPA: Klar for landevegen med Flåklypa. Kikki Stormo t.h. spelar Solan, mens Frank Ole Sætrang t.v. spelar Ludvig i Flåklypa som Riksteateret set opp til hausten. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK.
FLÅKLYPA: Klar for landevegen med Flåklypa. Kikki Stormo t.h. spelar Solan, mens Frank Ole Sætrang t.v. spelar Ludvig i Flåklypa som Riksteateret set opp til hausten. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK.

Flåklypa blir teater

Til hausten tar Ludvig, Solan og Reodor turen Noreg rundt. For første gong blir det teater om livet i Flåklypa. – Det er farleg det, seier ein engsteleg Ludvig. Men riksteatersjef Tom Remlov berre gleder seg.

Sogndal: – Dette er ei historie vi alle eig. Alle eg kontakta hoppa på når eg spurde om dei ville vere med, seier Remlov til NTB.

Han fekk ideen då han som ny teatersjef tok eit djupdykk i Riksteater-arkivet. Der fann han 12 år gamle planar om å gjere teater av Flåklypa.

– Eg tenkte med ein gong: dette må det bli noko av, seier Remlov. Han kontakta Gorm Jenseg som hadde ideen, og Jenseg har skrive eit nytt manus for framsyninga som får urpremiere i slutten av september.

Varm Ludvig

Nyleg var det dei første kostymeprøvane i Nydalen i Oslo.

– Eg trur eg må be kulturhussjefane skru ned temperaturen til fem grader, humrar Frank Ole Sætrang etter å ha iført seg Ludvig-kostymet – ein svært varm, heimestrikka onepiece.

Artikkelen held fram under biletet.

FORANDRING FRYDER: Frank Ole Sætrang spelar Ludvig i Flåklypa som Riksteateret set opp til hausten. Til venstre sminkør Helge Bjørnå.
FORANDRING FRYDER: Frank Ole Sætrang spelar Ludvig i Flåklypa som Riksteateret set opp til hausten. Til venstre sminkør Helge Bjørnå.

Men Sætrang, kanskje best kjent som bitre Reinert i TV-serien «Nav», storgleder seg til å komme i gang med prøvane.

– Eg er veldig glad i Aukrusts univers, så dette er noko eg berre gleder meg til, seier Sætrang, som er opptatt av at Ludvig skal høyrast ut som Ludvig.

– Alle veit jo korleis Ludvig snakkar, så eg må nok halde meg til det og ikkje gå utanfor boksen. Men det er greitt. Eg er glad i Ludvig, seier Sætrang.

Ingen av skodespelarane er frå Alvdal, der jo Kjell Aukrust-figurane høyrer heime. Men regissøren er i alle fall hedmarking. Lars Erik Holter er frå Nes i Hedmark, så han kan justere språket.

– Men eg har sikra meg ein dialektcoach. Dialekten MÅ sitte, seier Holter.

Skrekkblanda fryd

Regissøren seier han ikkje trengde mykje tid då han fekk telefon om han kunne tenkje seg å regissere Flåklypa.

– Eg elskar filmane. Eg såg den første på kinoen heime på Nes. Den har aldri sleppt taket i meg, seier Holter – som gjekk til oppgåva med skrekkblanda fryd.

Artikkelen held fram under biletet.

FØR SMINKE: Kikki Stormo spelar Solan. til venstre sminkør Helge Bjørnå.
FØR SMINKE: Kikki Stormo spelar Solan. til venstre sminkør Helge Bjørnå.

– Dette er jo eit univers folk kjenner godt, så det er ei utfordring. Men det er jo ikkje gjort teater av det før. Det er ein fordel, for då slepp vi å bli samanlikna med noko som er gjort på scena tidlegare, seier han. Og legg til at han har som ambisjon å skape ei familieframsyning som tar vare på den poetiske, romantiske og underfundige stemninga som ligg i Aukrusts univers.

Ny historie

Det er ei ny historie teaterpublikummet får sjå. Den tradisjonelle mjølkespannkastekonkurransen nærmar seg, og alle i Flåklypa er sikre på at deira representant Emmanuel Desperados går av med sigeren. Men det går skumle rykte om at ein sterk konkurrent frå Oslo nærmar seg bygda. Samtidig står det gode gamle meieriet i fare for å bli selt til storkapitalen. Desperados får dessutan tilbod om å kaste for konkurrenten. Her er det nokon som ikkje har reint mjøl i posen. Kven står bak? Korleis har dei tenkt å røve til seg sigeren? Og kva i all verda skal Solan og Ludvig gjere for å forhindre katastrofen?

REODOR: Nils Johnson spelar sjølvaste Reodor Felgen som Riksteateret set opp til hausten.
REODOR: Nils Johnson spelar sjølvaste Reodor Felgen som Riksteateret set opp til hausten.

Solan blir spelt av Kikki Stormo, mens Nils Johnson er Reodor Felgen.

– Eg kjenner meg igjen i Reodor. Eg likar å skru og mekke, seier Johnson.

Som dei andre er han svært begeistra for Aukrusts univers.

– Det er noko spesielt med dette materialet, den lune humoren, seier Nils Johnson.

«Heia Flåklypa! Solan, Ludvig og den store melkespannkastekonkurransen» får urpremiere på Riksteater-scena i Nydalen i Oslo 29. september, der det også skal spelast fleire framsyningar i desember. Turnépremieren blir på Tynset 5. oktober. Framsyninga skal så ut på turné til i alt 69 stadar over heile landet.

Etter det NTB erfarer skal også Nationaltheatret vere interessert i å sette opp framsyninga neste år.

Spelestadar

«Heia Flåklypa! Solan, Ludvig og den store mjølkespannkastekonkurransen» får urpremiere i Nydalen i Oslo 29. september, og turnépremiere på Tynset 5. oktober. Andre spelestadar:

Hamar, Kongsvinger, Elverum, Lillehammer, Otta, Gjøvik, Fagernes, Ål, Vikersund, Drammen, Jessheim, Fredrikstad, Halden, Askim, Horten, Nøtterøy, Sandefjord, Skien, Larvik, Notodden, Seljord, Bø i Telemark, Risør, Arendal, Grimstad, Kirkenes, Vadsø, Hammerfest, Alta, Finnsnes, Narvik, Harstad, Stokmarknes, Svolvær, Bodø, Sandnessjøen, Mosjøen, Kolvereid, Namsos, Steinkjer, Stjørdal, Bjugn, Melhus, Røros, Orkanger, Oppdal, Molde, Sunndalsøra, Åndalsnes, Ålesund, Ørsta, Sandane, Nordfjordeid, Førde, Florø, Sogndal, Os, Bømlo, Aksdal, Stord, Egersund, Flekkefjord, Kvinesdal, Lyngdal, Mandal og Porsgrunn.(©NPK)

Til toppen