BIG BUSINESS: Kvart år kjem det over ein million turistar til Aurland, og talet berre veks. Her er ei av dei siste attraksjonane, hybridferja Vision of the Fjords, fotografert frå ein anna nykomar, elferja Future of the Fjords.
BIG BUSINESS: Kvart år kjem det over ein million turistar til Aurland, og talet berre veks. Her er ei av dei siste attraksjonane, hybridferja Vision of the Fjords, fotografert frå ein anna nykomar, elferja Future of the Fjords. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Flåm AS er blant verksemdene med raskast vekst for andre år på rad

Reiseliv har blitt god butikk i Aurland, og for Flåm AS ser ikkje veksten ut til å stoppa. Det gir òg klingande mynt i kommunekassa.

Aurland: For andre året på rad har Flåm AS fått utmerkinga gasellebedrift.

– Æra går til alle tilsette i Flåm-klynga, som har stått på for å skapa eineståande resultat, og til lokalbefolkninga som har støtta oss og bidrege til å gjera Aurland til eit attraktivt reisemål, seier Solrun Hjelleflat, konsernsjef i Aurland Ressursutvikling og dagleg leiar i Flåm AS i ei pressemelding.

Aurland Ressursutvikling og Flåm AS

  • Flåm AS er eit dotterselskap av Aurland Ressursutvikling, og er eigd av Aurland Kommune, SIVA Eigedom Holding AS og Aurland Sparebank.
  • The Fjords er eit fellesføretak eigd av Aurland Ressursutvikling og Fjord 1.
  • Flåm Utvikling (Flåmsbana) er eit fellesføreteak eigd av Aurland Ressursutvikling og NSB.
  • Flåm Hotell er heileigd av Aurland Ressursutvikling.
  • Myrkdalen Fjellandsby er 20 prosent eigd av Aurland Ressursutviling. 

Kvart år lagar Dagens Næringsliv ei liste over dei mest framgansrike verksemdene i landet. Kravet for å kalla deg ei gaselle er at verksemda minst må ha dobla omsetnaden på fire år og ho må tena pengar.

Millionku for kommunen

Flåm AS hadde i fjor driftsinntekter på 170 millionar kroner, ein vekst på over 20 prosent. Dei siste fire åra har driftsinntektene auka med 128 prosent, godt over kravet til dobling. I 2017 var overskotet på drifta på 32 millioner kroner, ei auke på 74 prosent frå året før. Av overskotet fekk eigarane eit utbyte på 20 millionar.

– At ein stor del av overskotet går tilbake til kommunen er ekstra hyggeleg, seier konsernsjef Hjelleflat.

Sidan 2009 har Aurland Ressursutvikling, som eig Flåm AS, betalt ut 68 millionar kroner i utbyte. Av dette har 27 millionar gått til Aurland kommune, som eig 40 prosent av aksjane.

Til toppen