Fretheim Hotel og Flåm Bakeri blir stengt frå i dag og inntil vidare.
Fretheim Hotel og Flåm Bakeri blir stengt frå i dag og inntil vidare. (Foto: Kristine Haglund)

Flåm AS permitterer 96 tilsette

Fretheim Hotel og Flåm Bakeri blir stengt frå i dag og inntil vidare. Andre overnattings- og serveringstilbod som Heimly Pensjonat og Toget Kafé blir kanskje ikkje opna i år.

Aurland: – Det er med tungt hjarta at vi tek denne avgjerda om å permittere våre dyktige tilsette. Slik det ser ut no er dette einaste utveg for å verne om arbeidsplassane og verksemda, seier Solrun Hjelleflat, administrerande direktør i Flåm AS og Aurland Ressursutvikling AS i ei pressemelding.

Solrun Hjelleflat, administrerande direktør i Flåm AS og Aurland Ressursutvikling AS Foto: Flåm AS

96 tilsette ved Flåm AS fekk varsel om permittering i dag. Dei fleste er hundre prosent permitterte, medan ein del tilsette inntil vidare er delvis permitterte. Dette er ifølgje pressemeldinga for at selskapet skal kunne ivareta naudsynt oppfølging av drift, kundar og tilsette.

– Me har stor omtanke for våre tilsette som no må ut i permittering, og vi ser fram til den dagen me har alle i full drift att, seier Hjelleflat.

Sannsynleg stengd ut 2020-sesongen

Fretheim Hotel og Flåm Bakeri vart stengd frå i dag og inntil vidare. Og i pressemeldinga til Flåm AS  går det fram at overnattings- og serveringstilbod som Heimly Pensjonat og Toget Kafé, truleg ikkje vert opna i sesongen 2020. Det same gjeld for Hotel Aurlandsfjord.

Flåmsbana, som Aurland Ressursutvikling eig saman med Vy-gruppen, går enno som normalt. Justering av driftsopplegg vert vurdert fortløpande. Kundesenteret skal haldast ope så lenge det går tog på bana.

The Fjords, har stoppa sightseeingaktiviteten på Nærøyfjorden, i første omgang fram til 26. mars. Selskapet har kansellert alle avgangar på Geirangerfjorden fram til 29. april, og det er sendt permitteringsvarsel til alle tilsette, med unnatak av personell som trengs for å ivareta tryggleik og vedlikehald av fartøy.

 

 

 

Til toppen