VESTLANDSK: Bjarte Finne kombinerar villsauen med vestlandske råvarer.
VESTLANDSK: Bjarte Finne kombinerar villsauen med vestlandske råvarer. (Foto: Elisabeth Fagerland)

Flåm-kokken diskar opp rettar i Italia med unike produkt frå Sogn

Bjarte Finne er til dagleg å finna på kjøkkenet på Fretheim hotel i Flåm,  men no er han på reisefot for å syna norsk matkultur for italienarane.

Italia/Aurland: Finne har for sjuande gong reist til Italia på verdas største og viktigaste festival for mat og matkultur, nemleg Terra Madre Salone del Gusto i Torino, nordvest i Italia. 

Festivalen inviterer kokkar fra heile verda for å visa fram mattradisjonar til eit betalande publikum.

– Festivalen er heilt flott. Den samlar kokkar frå forskjellige kulturar og med veldig ulike tradisjonar. Her treff ein folk og produkt ein aldri ville ha høyrt om elles. Det er inspirerande å møta kollegaer frå andre stader å sjå kva dei gjer, seier han. 

Vil visa norsk matkultur

Han meiner at nordmenn har ein veg å gå for å bli betre på å fremja matkulturen i Noreg, og seier at me har mykje å læra av nasjonar som Italia, Frankrike og Spania.

VILLSAU: Bjarte finne legg stor vekt på villsau under årets festival.

Finne er ofte på reisefot og har sjølv klare mål bak reisene sine: han ønskjer å visa fram norske kvalitetsprodukt, særleg frå vestlandet.

– Først og fremst reiser eg for å promotera norske varer og dei produkta som me har i distriktet som er unike, seier han.

Under årets festival har Finne fokus på villsauen, og kombinerer rettane han lagar saman med andre råvarer frå regionen. Han har blant anna med pærer frå Sogn og Hardanger, epler frå Lærdal og ramsløk fra Nøring, men også det sjeldne villbæret Tindved, frå produsenten Marco Neven i Lærdal.

Kjem heim med ein bodskap

Ved å vise at desse produkta har en gastronomisk verdi, også utanfor Noreg, håpar han å få ein større matstoltheit som strekkjer seg utover sjømat, ettersom varer som norsk laks allereie har fått internasjonal merksemd.

– Det ein kan lære av Italia er den stoltheita dei har i forhold til sine tradisjonar og produkt. Dei er veldig flinke til å leggje dei forskjellige tradisjonane og varene til bestemte områder. Det er noko Noreg må bli betre på, forklarer han.

Til toppen