TYPISK TURISTSTAD: Flåm og Gudvangen har fått status som typisk turiststad heile året etter ei godkjenning frå Fylkesmannen. Også Aurlandsvangen og Undredal har fått same status i sommarmånadene. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TYPISK TURISTSTAD: Flåm og Gudvangen har fått status som typisk turiststad heile året etter ei godkjenning frå Fylkesmannen. Også Aurlandsvangen og Undredal har fått same status i sommarmånadene. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Flåm og Gudvangen har fått status som typisk turiststad

Fylkesmannen har bestemt at Flåm og Gudvangen i Aurland kommune får status som typisk turiststad heile året, medan Aurlandsvangen og Undredal får tilsvarande status for perioden 1. mai til 30. september.

Aurland: Statusen som typisk turiststad opnar for at butikkar og andre utsalsstadar kan ha ope på søndagar og helgedagar i den perioden som er fastsett i forskrifta.

Ordførar i Aurland, Noralv Distad, er glad for at heile kommunen no har fått status som typisk turiststad, og at det gjeld heile året for Flåm og Gudvangen.

– Daglegvarebutikkane får no høve til å halda ope også på søndagar og dermed yta dagleg god service til alle dei som vitjar kommunen. Aurland har satsa sterkt på å få til turisttrafikk heile året. Det har ein lukkast meir og meir med. Trafikken i vinterhalvåret aukar sterkt, noko som òg viser godt att på omsetninga i butikkane, seier ordføraren.

– Turisttrafikken styrkjer grunnlaget for servicetilboda i kommunen, og er dermed òg viktig for innbyggjarane.

Det var næringa som tok initiativ til å få denne statusen. Aurland formannskap stilte seg positiv til saka og at det vart utarbeidd søknad.

Næringsdrivande avhengig av turistsesongen

Ein «typisk turiststad» er til vanleg ein mindre stad der salet i periodar hovudsakleg skjer til turistar. Andre kjenneteikn ved ein «typisk turiststad» er at dei faste innbyggjarane er få i forhold til talet på tilreisande/besøkjande og at dei næringsdrivande ofte er avhengige av turistsesongen, fordi kundegrunnlaget er for lite til at dei kan overleve av sal til fastbuande. 

Flåm og Gudvangen har tidlegare hatt status som typiske turiststader deler av året, i perioden 15. mai til 15. september. Etter ny søknad frå Aurland kommune, har Fylkesmannen vurdert at Flåm og Gudvangen fyller kriteria for å bli godkjent som typiske turiststadar heile året.

– I avgjerda har me lagt avgjerande vekt på at talet på fastbuande i Flåm og Gudvangen er lågt, samstundes som utsalsstadane har dokumentert ei høgare omsetning enn det talet på fastbuande skulle tilseie gjennom heile året. Det er difor godt gjort at dette i hovudsak skuldast sal til besøkande turistar. Fylkesmannen har også lagt vekt på at både Flåm og Gudvangen har sterke merkevarenamn som turiststadar, skriv Fylkesmannen i ei pressemelding.

I den same forskrifta har Fylkesmannen slått fast at Aurlandsvangen og Undredal får status som typiske turiststadar i perioden 1. mai til 30. september.

Til toppen