SVARER: Arve Tokvam i Flåm AS meiner ei gondolbane kan vera med på å forsterka naturopplevinga, på same måte som Flåmsbana gjer i dag.
SVARER: Arve Tokvam i Flåm AS meiner ei gondolbane kan vera med på å forsterka naturopplevinga, på same måte som Flåmsbana gjer i dag. (Foto: Pressefoto)

«Flåmsbana er den største attraksjonen i reiselivet i Aurland. Den er òg eit naturinngrep»

– Me meiner det er fullt mogleg å etablera ei gondolbane utan å bygga ned eksisterande verdiar i naturen, skriv Arve Tokvam i Flåm AS.

Arve Tokvam, direktør for investorrelasjonar i Flåm AS, svarer på innlegget til Torgeir Skjerdal: «Ei gondolbane vert eit stort og synleg inngrep i naturen».

Meiningar: Planane til Flåm AS om ei gondolbane i Aurland skapar engasjement, og fleire har den siste tida ytra seg i media om prosjektet.

Engasjement og ulike meiningar er positivt, og det helsar me velkomen, men for å få konstruktive diskusjonar er det viktig at òg dei positive sidene og moglegheitene i eit slikt prosjekt kjem fram.

STORE PLANAR: Ei prosjektgruppe i Flåm AS skal greia ut om det let seg gjera å byggja ei gondolbane i Aurland. Foto: Flåm AS

Gondolprosjektet er eit stort enkeltståande tiltak, men må òg sjåast som del av ein større heilskap. For å forstå denne heilskapen kan det vera nyttig med eit historisk tilbakeblikk.

Strategisk enistrek

På slutten av 1990-talet var Flåmsbana truga av nedlegging. Etter ein strategisk genistrek, med dåverande ordførar Ivar Bjarne Underdal i spissen, vart Aurland Ressursutvikling og Flåm Utvikling skipa, med sterkt lokalt eigarskap.

Seinare vart Flåm AS etablert for å sikra ei heilskapleg, internasjonal marknadsføring. Den lokale eigarskapen til reiselivsutviklinga har vist seg å vera eit svært klokt grep, og heilt avgjerande for den utviklinga som har vore i reiselivet i Aurland dei siste 20 åra.

Med Flåmsbana som utgangspunkt har Flåm og Aurland utvikla seg til å bli eitt av dei mest attraktive og veldrivne reisemåla i Noreg.

Nøkkelen til vekst

I motsetning til mange andre distriktskommunar har Aurland kommune vekst i folketalet, og med reiselivet som fundament opplever kommunen flott utvikling òg i øvrig næringsliv.

I 1998 var samla omsetning i reiselivet i Aurland 80 millionar kroner. I 2018 var dette auka til 980 millionar kroner. I kjølvatnet av desse flotte tala er det skapt hundretals heilårsarbeidsplassar og mange nye verksemder, og unge folk frå mange nasjonar har etablert seg i kommunen.

Reiselivsnæringa er vorten ei attraktiv næring og dreg til seg folk med høg kompetanse. Dette er truleg det aller viktigaste fundamentet for vidare utvikling.

ORIGINALEN: Flåmsbana lokkar kvart år rundt ein million reisande til Aurland. Bilde:  Aurland Photography

Store og små utfyller kvarandre

I dag er Aurland som reisemål mykje meir enn Flåmsbana og aktiviteten i Flåm. Suksessen handlar om at ein har klart å utvikla eit heilskapleg reisemål, med store og små aktørar som utfyller kvarandre med kompletterande produkt og aktivitetar, og som er gjensidig avhengige av kvarandre.

Me treng dei store attraksjonane og me treng alle dei andre supplerande aktivitetane som gjer Aurland til eit attraktivt reisemål for ulike målgrupper frå heile verda. Denne heilskapen og dette samspelet vil òg vera ein suksessfaktor i den vidare utviklinga.

Det er i lys av dette at Flåm AS, med dei lokale eigarane i ryggen, meiner ei gondolbane er eit godt prosjekt for Aurland. Gjort rett vil ein gondol føra til mange positive ringverknader i aurlandssamfunnet, både knytt til næringslivet, og utbygging av infrastruktur og aktivitetar for innbyggjarane.

Reiselivet må vera berekraftig

Me meiner det er fullt mogleg å etablera ei gondolbane utan å bygga ned eksisterande verdiar i naturen. Det er eit grunnleggjande prinsipp i prosjektet at me skal spela på lag med dei lokale interessene og ta omsyn til dei verdiane som ligg i naturen og nærmiljøet.

Det ligg sterkt forankra i Flåm AS sine strategiar at vidare utvikling av reiselivet må skje på ein berekraftig måte. Det handlar om eit godt samspel mellom den miljømessige, den økonomiske og sosiale delen av berekraft.

Me trur òg at gondolprosjektet kan nyttast til å formidla kunnskap om verdsarvområdet me forvaltar og på den måten bidra til å skapa forståing og respekt for dei verdiane som Aurland som samfunn er bygd på.

Forsterkande samspel

Flåm AS er i ein tidleg fase med gondolprosjektet. Det er mykje arbeid som skal gjerast før me har eit grunnlag for å avgjera om me skal gå vidare med planane. Ein viktig del av dette er å lytta til lokale interesser, grunneigarar og politikarar. Me er sterkt opptekne av å få greidd ut alle forhold som treng å vurderast i eit so omfattande prosjekt.

Ei gondolbane vil syna i naturen, men me meiner det er fullt mogleg å bygga eit slikt anlegg i tråd med landskapet sine verdiar. Det perspektivet ligg sentralt i arbeidet vårt.

Flåmsbana er den største attraksjonen i reiselivet i Aurland. Den er òg eit naturinngrep, men inngår samstundes i eit samspel med naturen, som gjer at dei reisande opplever at Flåmsbana og naturopplevinga forsterkar kvarandre.

Dette samspelet kan me få til i gondolprosjektet òg, nesten 80 år etter at Flåmsbana kom i drift. Målet må vera at ei gondolbane kan bli ein like stor verdi for aurlandssamfunnet som den spektakulære bana mellom Flåm og Myrdal har vore.

Folkemøte i Flåm

Eg registrerer at nokon tek til orde for å skrinlegga gondolplanane allereie no.

Flåm AS ynskjer å basera avgjerda på ei heilskapleg vurdering, der me gjennom planmessige, ryddige prosessar får belyst sterke og svake sider ved prosjektet og på den måten kan vega ulike omsyn opp mot kvarandre. Lat oss få fram alle sider ved prosjektet før me konkluderer.

Flåm AS arrangerer informasjons- og dialogmøte om gondolprosjektet måndag 24. februar på Fretheim Hotel. Det er eit fint høve til å kunna få meir informasjon om arbeidet som er i gang, og koma med innspel til prosjektet.

Til toppen