OVERSKOT: Flåmsbana frakta om lag ein million passasjerar i fjor, og dette gav eit resultat på nesten 80 millionar i overskot.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes.
OVERSKOT: Flåmsbana frakta om lag ein million passasjerar i fjor, og dette gav eit resultat på nesten 80 millionar i overskot.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls G. Sylvarnes)

Flåmsbana gjekk med 80 millionar i overskot

Flåmsbana frakta om lag ein million passasjerar i fjor, og dette gav eit resultat på nesten 80 millionar i overskot.

  • Endret

Flåm: Det er ny rekord i turistkommunen Aurland, skriv Bergens Tidende.

– Ja, veksten var større enn me hadde forventa, seier dagleg leiar Sivert Bakk i selskapet Flåm Utvikling AS som driv Flåmsbana.

Også i år ser det ut til at Flåmsbana vil oppleve vekst. Det trass i at talet innmelde cruiseskip til Flåm i år berre er 140, som er ein nedgang frå året før.

– Me forventar ein sesong på linje med fjoråret, men med ein svak vekst, seier Bakk til BT.

(©NPK)

Til toppen