LØFTA FRAM: Flåmsbana si enorme vekst i 2016 er eitt av ti punkt som fylkesordføraren løfta fram i sin tale til fylkestinget tysdag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
LØFTA FRAM: Flåmsbana si enorme vekst i 2016 er eitt av ti punkt som fylkesordføraren løfta fram i sin tale til fylkestinget tysdag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Flåmsbana og Kongevegen er på topp ti-lista til fylkesordføraren

Fylkesordførar Jenny Følling heldt tysdag sin halvårlege tale til fylkestinget. Her løfta ho mellom anna fram Flåmsbana og Kongevegen som to av ti positive satsingar i fylket.

Aurland: Øvst på lista var det derimot ein annan attraksjon som trona. Passande nok sidan fylkestinget er samla i Loen denne veka, var det den nyopna skyliften som fekk topplasseringa.

– Dette vil opne fjellheimen for heilt nye grupper og vil skape ringverknadar langt utanfor Loen og Stryn kommune. Alt no ser me at turistar står i kø og at prosjektet har fått stor merksemd, sa Følling, som hadde laga ei topp ti-liste.

NOREGSTOPPEN: – Sogn og Fjordane er i Noregstoppen på ei rekkje område, meiner fylkesordførar Jenny Følling.
NOREGSTOPPEN: – Sogn og Fjordane er i Noregstoppen på ei rekkje område, meiner fylkesordførar Jenny Følling.

– Sogn og Fjordane er i Noregstoppen på ei rekkje område. Eg vil nytte talen min til å løfte fram mange av dei positive og fantastiske satsingane som skjer i fylket vårt – og har laga meg ei topp ti-liste, sa fylkesordføraren då ho talte til fylkestinget tysdag.

Flåmsbana og Kongevegen trekt fram

På plass nummer åtte og ni ligg høvesvis Flåmsbana og Kongevegen. Flåmsbana fordi ho i 2016 frakta 926 000 passasjerar, noko som er ny rekord.

– Satsinga i Flåm viser at me kan utvikle reisemål av internasjonalt format.

Kongevegen på si side har kanskje ikkje desse tala no, men kan fort merke ein voldsom vekst etter alt restaureringsarbeidet som er gjort – noko vegen også fekk ein høgthengande pris for.

Artikkelen held fram under biletet.

PRIS: I mai var Kongevegen i Lærdal tildelt EU-kommisjonen sin kulturminnepris, ein svært høgthengande pris.
PRIS: I mai var Kongevegen i Lærdal tildelt EU-kommisjonen sin kulturminnepris, ein svært høgthengande pris.

– Kongevegen fekk EU-kommisjonen sin kulturminnepris våren 2017. Prisen er rekna som ein av dei mest høgthengande i Europa, og det er vanskeleg å førestille seg verdien av ei slik utmerking.

Resten av lista

Med unntak av Loen Skylift, består topp tre på lista til fylkesordføraren i nyheita om at Sogn og Fjordane er det fylket der flest gjennomfører vidaregåande skule, og at folketalet har hatt ein sterk vekst og for første gong har passert 110 000 menneske.

Resten av lista, inkludert Flåmsbana og Kongevegen, ser slik ut:

4. Tippemidlar. Tildelinga til fylket har auka frå 23 millionar i 2011  til 53 millionar i 2017. Til saman får 107 anlegg midlar i år, mot 47 i 2013.

5. Lefdal Mine Datasenter. Det er investert 250 millionar i dei nedlagde gruvene, som opna 10. mai. Det er det største datasenteret i Noreg og representerer nye, grøne og framtidsretta tenester.

6. Nekst. Har fått med seg investorar til den største satsinga på eit havbruksprosjekt nokon gong. Det vert investert 2,7 milliardar i eit landanlegg og eit oppdrettsanlegg i open sjø.

7. Tour des Fjords. Sykkelløpet rulla gjennom fylket 24. mai. 120 internasjonale proffsyklistar sykla frå Balestrand gjennom Gaular og Jølster til Førde og laga folkefest i direktesendt TV til 50 nasjonar. 

8. Flåmsbana. Frakta i 2016 over 926 000 passasjerar, ein auke på heile 145 000 gjester på berre eitt år. Satsinga i Flåm viser at vi kan utvikle reisemål av internasjonalt format.

9. Kongevegen. Fekk EU-kommisjonen sin kulturminnepris våren 2017. Prisen er rekna som ein av dei mest høgthengande i Europa, og det er vanskeleg å førestille seg verdien av ei slik utmerking.

10. Nikolai Astrup. Kunsten til Astrup har for alvor teke steget ut i verda. Utstillingane i Europa i 2016 blir følgde opp av utstillingar i USA.

Til toppen