Aurland: Eit ras gjekk ved Blomheller, om lag 8 kilometer frå den øvre endestasjonen Myrdal natt til onsdag.
Les også: Ras på Flåmsbana
Då geologar kom på plass vart det funne fleire lause steinar i fjellsida som måtte fjernast før sporet kunne reparerast. Bana har såleis vore stengt og alternativ transporte vorte organisert.
Torsdag ettermiddag melder Bane Nor at estimert opning er fredag morgon, noko som skulle bety at både avgangane frå Flåm klokka 0900 og Myrdal klokka 1005 er planlagt å gå som normalt, men her er det lurt å sjekka med NSB først.