Flåm: Det ligg an til at Flåmsbana vil setja ny rekord i tal passasjerar i 2016. Truleg vil det populære turistmålet runde 900 000 besøkande, skriv Aurlendingen.
Det betyr at den tidlegare toppnoteringa på 781 000 står for fall. Dagleg leiar i Flåm Utvikling, Sivert Bakk, seier dei har merka trenden heilt sidan februar. Han meiner det er positivt at dei no har greidd å spreie trafikken utover året.
- Les også: NSB skal framleis drive Flåmsbana
– Det er noko me jobbar målretta for å få til, og me ser at dette arbeidet no ber konkrete frukter. Me har gradvis også greidd å spreie den daglege trafikken utover eit større tidsspekter. Me ser til dømes at trafikkauken i sommarmånadane i all hovudsak skjer på morgon og sein ettermiddag, seier han til Aurlendingen.
Etterlyser tiltak
Men den enorme trafikken skapar også utfordringar for infrastrukturen i Flåm, og Bakk etterlyser difor tiltak som betre toalettfasilitetar og parkeringstilhøve.
– Det vil vere naturleg at me basert på erfaringane frå denne sesongen drøftar dette nærare saman med sentrale aktørar i Flåm, og i fellesskap jobbar fram konkret forslag til kva som kan gjerast for å betre tilhøva i den mest trafikktunge tida, seier ordførar Noralv Distad.