STENGT: Eit ras fører til at Flåmsbana er stengt onsdag morgon. Illustrasjonsfoto
STENGT: Eit ras fører til at Flåmsbana er stengt onsdag morgon. Illustrasjonsfoto (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Flåmsbana stengt ut dagen

Myrdal-Flåm er stengt.

Aurland: Bane Nor melde onsdag morgon at eit ras har gått på Flåmsbana og at den er stengt for trafikk. 

– Mannskap er på plass for å rydde, reinske og kartlegge rasfaren, seier pressevakt Harry Korslund i Bane Nor til NRK, som vidare melder at bana blir stengt ut dagen.

Raset gjekk nær Blomheller, og var om lag 20 meter breitt og 8–10 kubikkmeter stort.

Alle avgangar er såleis innstilte til og frå Myrdal. Det blir organisert busstransport i staden, melder NSB.

Til toppen