– Kven har gitt advokat Winther og setterådmann Broberg fullmakt til å starte ei ny og eiga gransking i varslingsakene?, skriv Flåten i denne saka.
– Kven har gitt advokat Winther og setterådmann Broberg fullmakt til å starte ei ny og eiga gransking i varslingsakene?, skriv Flåten i denne saka. (Foto: Halvor Farsund Storvik / Arkiv)

Flåten krev svar på ni spørsmål om varslingssakene i Sogn barnevern

Arne Glenn Flåten (Høgre) har ei liste med punkt han ynskjer svar på når kommunestyret i Sogndal skal samlast torsdag.

1. Formannskapet i gamle Sogndal gjorde samrøystes vedtak om at Sogndal kommune ikkje skulle dekke sakskostnadane til dei det er varsla om, i varslingssakene vedrørande SAK 69/2018. Kven har gitt setterådmann Broberg fullmakt å gjere det motsatte ved å inngå forlik og kvifor?

2. Når vart dåverande og noverande ordførar, varaordførar og rådmann informert om at Broberg ville inngå forlik, eller hadde inngått forlik?

Ynskjer å få framlagd oppdragsavtalen

3A. Setterådmann Broberg fortalte sjølv at rapporten fra Brækkhus var endeleg. Kven har gitt advokat Winther og setterådmann Broberg fullmakt til å starte ei ny og eiga gransking i varslingssakene?

Dei har mellom anna hatt intervju med fleire tilsette i kommunen vedrørande denne saka.

Sitat Winther: «Eigne undersøkingar etter rapporten til varslingssekretariatet 21. oktober 2019. Rapporten frå varslingssekretariatet framsette alvorlig kritikk mot fleire leiarar. Etter setterådmannen og mitt syn var det for tre av dei som det er varsla om, rimelig å ta tilby ein samtale, slik at vi kunne høyre deira syn.

For den fjerde personen det er varsla om, la setterådmannen vekk saka. To av dei tre som fekk tilbod om samtale, det vil seie tidlegare rådmann og kommunalsjef, hadde vi ein samtale med. Barnevernleiaren hadde ikkje høve til å møte oss, då vi føreslo å møtast i Sogndal. Vi hadde eit møte med dei to personane det er varsla om. Der fekk vi innspel, blant anna namn på vitner som burde bli kontakta. Eg hadde samtale med fem vitne, der varslingssekretariatet berre i avgrensa grad, og like før rapporten skulle bli lagt fram, hadde snakka med ein av dei fem.»

B. Denne saka har pågått offentleg i svært lang tid, fleire år. Kvifor har ikkje vitna komme fram med si historie tidlegare, spesielt når det kan sjå ut som verdien av vitnemåla blir vurdert så sterke at dei rokkar ved truverdet, innhald og konklusjonar, til rapporten?

Og kvifor har arbeidet med nye vitner pågått i løyndom? Me ynskjer å få framlagd oppdragsavtalen mellom kommunen og advokat Winther.

C. Rapporten frå Brækkhus er endeleg. Rapporten er laga og sett saman med kjende metodar frå ein nøytral og objektiv part. Kvifor byrjar advokaten til kommunen, Winther, å plukke frå kvarandre rapporten, og så tvil om dei to granskingane som har kosta kommunen mange millionar?

Flåten: – Me tykkjer det er feigt

D. Vedrørande strøyminga frå kommunestyret 22.10.2019. Her lovar Broberg å halde kommunestyret orientert under heile prosessen. Me tykkjer det er feigt av setterådmann Broberg å ikkje informere kommunestyret om sine synspunkt i saka. Han sa sjølv han hadde eit avgrensa mandat og det var mykje han ikkje hadde fullmakt til å gjere. Kvifor held Broberg tilbake informasjon til kommunestyret den 12. og 19. desember?

4. Sogndal kommune har gjennom to ulike granskingar, rapport frå arbeidsmiljøspesialistane og rapport frå varslingsekretariatet, fått stadfesta fleire, og grove brot på arbeidsmiljølova. Me ynskjer å bli informerte av rådmann om det vil komme reaksjonar mot dei som har gjort brota, eller ikkje.

5A. Har kommunen betalt ut med dei som det er varsla om, jamfør forliksavtalen? Kva for post er i så fall dette belasta.

B. I forhandlingane med varslarane tilbaud gamle Sogndal kommune 2,4 millionar i erstatning. Kvar var det tenkt å hente inndekning for dette beløpet?

Til toppen