Luster: NVE har sett flaumvarselet for kommunane i Indre Sogn på høgaste nivå og det er meldt opp mot ti millimeter nedbør utsette stadar.
Om lag 30 personar er isolerte, og like mange evakuerte. Det er venta mykje nedbør i natt, og situasjonen i Luster kan bli verre enn den allereie er.
Dei som er isolerte bur i hovudsak fremst i Mørkridsdalen og Fortunsdalen.
– For dei er det nok litt vanskeleg no, fordi vegen er teken av elva. Enkelte har også mista straumen, seier Luster-ordførar Ivar Kvalen.
Ordføraren seier dei isolerte er i tett kontakt med kommunen og politiet.
- Les også: Fleire vegar stengt grunna flaumen

Fare for at situasjonen vert verre
Sundag morgon måtte fire personar reddast frå eit hus då Fortunselva i Luster fossa kring alle fire veggane. Fleire fjøs er tekne av vassmassane og fleire bustadhus står i fare for å bli skadd.

– Det er store materielle skadar på både bygg og dyrka mark. Nokre bruer er teken av elva allereie, og fleire står i fare for å fare, seier Kvalen.
Men det er lyspunkt i meldingene. Mørkridselvi har trekt seg noko attende og Fortunselvi er regulert, so ein har god oversikt.
– Men kjem det større mengder nedbør no, vil jo elva kunne kome til å gå opp att. Då er det fare for skadar, seier ordføraren.
Hydro har meldt at magasina no er fulle, og ventar at Fortunselvi vil kome til å stige natt til måndag.

Vinglande meldingar
Det er store mengder nedbør som pregar vêrmeldinga for Indre Sogn for kvelden, men utover natta skal det lette.
– Det vert mindre og mindre regn i området etter kvart, men det er framleis nedbør, seier meterolog Kristen Gislefoss.
– Det ligg framleis regn langs vestlandskysten, so ein kan nok vente seg stor vassføring enno ei stund til. Men mot måndag morgon skal det ta av, seier Gislefoss.
Elvene i Indre Sogn har også variert mykje, saman med nedbørsmengda. På målinga klokka 18 sundag kveld hadde elva Utla ei svært stor auke i vassføringa, og ein var redd situasjonen skulle bli problematisk.
– På den siste målinga me har stig framleis tala for Utla, men på langt nær like raskt. Andre elver i området går både opp og ned, men det ser ut til at det ikkje vert store endringar, seier Elise Trondsen hjå flaumvarslinga til NVE.
– Men me har enno ikkje fullstendig oversikt – det går litt kast i kast her enno, seier Trondsen.