UNDER VATN: Mørkridsdalen var blant plassane som vart hardast råka av flaumen i Luster.
UNDER VATN: Mørkridsdalen var blant plassane som vart hardast råka av flaumen i Luster. (Foto: Jonny Johnsen)

Flaumen i Luster vil kosta kommunen store summar

Ordførar Ivar Kvalen håpar staten vil hjelpa dei å byggja opp att det som gjekk tapt.

Aurland: Då flaumen herja Luster i helga gjorde vatnet store skadar på vegar, elvebreidder og landsbruksareal. No startar jobben med å byggja opp att dei to bygdene som vart hardast råka, Fortun og Skjolden.

Akkurat kor mykje det vil kosta har ikkje ordføraren fått oversikt over enno.

VIL KOSTA: Ordførar Ivar Kvalen håpar på hjelp frå staten i gjenoppbygginga etter flaumen. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Men me snakkar nok om millionar, seier Ivar Kvalen.

Enno er èin husstand på Skjolden evakuert, medan sju personar er veglause fremst i Mørkridsdalen.

To kommunale vegar, til saman eit par hundre meter, har fått store skader. Berre det vil kosta store summar, i tillegg kjem sikring av elva som ein ny stor utgiftspost.

– Me har reservar, så me skal klara ein del. Men me håpar heilt klart at Staten stiller opp, seier Kvalen.

Les òg: Sjå bileta frå flaumen i Luster

Vil prøva å hjelpa bøndene

Bøndene er blant dei som er hardast råka etter flaumen. Store landbruksareal og dyrka mark har gått tapt eller fått store skader. I tillegg har hundrevis av rundballar blitt tekne av  flaumen. Det største tapet var på mellom 150-200 rundballar hos ein enkelt bonde.

– Me får sjå kva kommunen kan stilla opp med. På kort sikt er det fôrmangelen me må ta tak i. Veldig mykje av vinterforet til dyra er øydelagt, seier Kvalen.

Kommunen vil arrangera ope møte i Skjolden neste tysdag. Der kan dei som ønskjer for orienteringar om hendinga, om ulike forsikringsordningar og om arbeidet som vil krevjast for å byggja opp att det som har gått tapt i flaumen.

– Landbrukskontoret er på saka og vil bistå, i tillegg er naturskadefondet kopla inn, og fylkesmannen sine folk, så me skal prøva å rådgje og få til ordningar så godt det let seg gjera, seier Kvalen.

Til toppen