Luster: Klokka 3.40 i natt fekk politiet melding om at Fortunselva i Luster gjekk rundt eit hus, og at dei som var i huset har problem med å koma seg ut.
Brannvesenet og politiet rykka ut til staden.

Etter fleire mislukka forsøk, lukkast brannvesenet berginga å berga alle fire. Løysinga vart å festa ein vinsj frå ein brannbil til eit tre ved huset. Deretter vart folk frakta i tryggleik med ein båt festa til vinsjen.
– Det verker som det går greitt med alle saman, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Terje Magnussen.
Klokka 8.31 melde politiet at alle var på tørr grunn.