Indre Sogn: NVE har sendt ut varsel om flaumfare på gult nivå, for brefelt rundt Jostedalsbreen.
Dette varselnivået tyder utfordrande situasjon som krev oppfølging og kan medføra skader lokalt.
- Les òg: Torevêr erstattar tropevarmen
Elvane rundt Jostedalsbreen mest utsett
Den høge temperaturen som har vore dei siste dagane vil føra til aukande snø- og bresmelting. Dermed vil vannføringen auka i elver som har stor andel bre i nedbørfeltet.
Det er venta at fleire vassdrag vil få gult varslingsnivå, og enkelte kan få vassføring som vil tilsvara nedre del av oransje nivå. Her er elvane rundt Jostedalsbreen mest utsett.
Ifølgje NVE, kan konsekvensen av gult nivå vera lokal oversvømming og erosjonsskadar i bekk og elv, samt rask auking av vassføring i små vassdrag.
NVE sine råd for førebygging av skader ved flaum er som følgjer:
- Ikkje opphald deg nær elver og bekkar med stor vassføring.
- Sikre og flytt verdiar vekk frå utsette område, til dømes i kjellarar, og campingvogner langs elver og bekkar.
- Elva du kryssar i dag kan vera mykje større når du skal tilbake
- Ikkje køyr båt i elver med flomvassføring. Dette kan føre til at du møter på tre, rundballar, og andre lause gjenstandar.
- Unngå å køyra bil når du ikkje treng det. Dette gjeld område med raudt og oransje varsel.
- Hald deg unna bratte skråningar med lausmassar, og elver og bekkar med stor vassføring.
Kjelder: NVE, og Varsom.no.