VEGEN VIDARE: Ordførar Arild Ingar Lægreid tek opp handteringa av flaumen 28. oktober i år. Foto: Ina Eirin Eliassen
VEGEN VIDARE: Ordførar Arild Ingar Lægreid tek opp handteringa av flaumen 28. oktober i år. Foto: Ina Eirin Eliassen

Flaumsikring på dagsorden

Onsdag skal NVE, Hydro Energi og Årdal kommune på synfaring fleire plassar i Årdal for å sjå på kva tiltak ein kan setje i verk for å vera meir budd på flaum i framtida. 

– Etter flaumen har kommunen vore i møte med Hydro Energi, som alt har meldeplikt til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). I lag med NVE og Hydro Energi skal me på synfaring onsdag, for å sjå korleis me kan finne faglege gode løysingar for å bli meir budd på flaum, seier ordførar Arild Ingar Lægreid under kommunestyremøtet torsdag. 

Fleire plassar

Under synfaringa onsdag 26. november skal dei mellom anna sjå på elveløp og bruer i Utladalen og Seimsdalen. 

Svaret var retta mot Aleksander Øren Heen, som på vegner av Senterpartiet, retta førespurnad til ordføraren om flaumsikring for å sikre negative konsekvensar for for liv, helse og eigedomar i framtida. 

Løfte saka

Bildetekst
Bildetekst

Etter rapporten frå NVE i 2013 om flaumutsette plassar i Årdal, og før flaumen som råka 28 oktober, har det ikkje vore sett i verk sikringstiltak i Utlaelva, opplysar rådmann Frank Westad kommunestyret om. 

 – Eg mistenkte at det ikkje var gjordt noko sidan 2013. Det er bra å no få saka løfta, seier Heen etter møtet. 

Flaumen i oktober

Under møtet fortel ordføraren om handteringa av flaumen 28. oktober, om varsling av aktørar, og evakueringa av 15 bustader som var truga av elva Utla. 

– Det gjekk slik sett bra denne gongen, men det er heilt sikker meir som kan gjerast i slike situasjonar. Den runden tek me etter synfaringa i lag med NVE, seier Lægreid. 

Til toppen