GULT: I heile Sogn er det no flaumvarsel på gult nivå. Skljermdump frå varsom.no
GULT: I heile Sogn er det no flaumvarsel på gult nivå. Skljermdump frå varsom.no

Flaumvarsel utvida til å omfatte fleire kommunar

Det er gult flaumvarsel i heile Sogn.

Høge temperaturar og ei solfylt helg har ført til kraftig snøsmelting i Midt-Noreg og på Vestlandet. Flaumvarselet frå helga blir utvida med fleire kommunar.

Helga var prega av rekordhøge temperaturar fleire stader i landet.

– Dette vil halde oppe intens snøsmelting og høg vassføring i elver med mykje snø i nedbørsfeltet. Situasjonen er svært følsam for temperaturendringar, lyder varselet til Noregs vassdrags- og energidirektorat på  varsom.no.

Flaumvarsel på gult nivå er ferda ut frå Namdalen i Nord-Trøndelag, til Røros i Sør-Trøndelag, vestover mot Volda i Møre og Romsdal, over Sognefjellet, Jotunheimen og sørover til Etne i Rogaland.

På varsom.no kan du sjå alle kommunane som no har flaumfare på gult nivå.

Til toppen