MERKTE: Hjort som gjekk i dalbotnane i Lærdal, Årdal og Hol vart merkte i vår – eit prosjekt for å kartleggja hjorten sine trekk i samband med utbrotet av skrantesjuke på villrein i Nordfjella. Arkivfoto
MERKTE: Hjort som gjekk i dalbotnane i Lærdal, Årdal og Hol vart merkte i vår – eit prosjekt for å kartleggja hjorten sine trekk i samband med utbrotet av skrantesjuke på villrein i Nordfjella. Arkivfoto (Foto: Arkiv)

Fleire av hjortane reiste på «ferie» til Austlandet

Fire av dei ti hjortane som vart merka i Lærdal, Årdal og Hol i vår reiste mykje lengre enn fagfolka venta. Det er ikkje berre positivt i høve skrantesjuka.

Lærdal/Årdal: – Dei drog no veldig mykje lengre austover enn det me tenkte oss, seier forskar i Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

I vår vart ti hjortkoller bedøva og utstyrte med GPS-sendar i dalbotnar rundt Nordfjella; fem i Lærdal, to i Årdal og tre i Hol.

To til Vang, ei til Hurrungane, ei til Flå

Då kollene byrja å trekkja mot sommarbeita skjedde det som fekk forskarane til å heva på augebryna. Ei av kollene som vart merka på Borgund i Lærdal trekte over Filefjell, vidare forbi Øye i fjellpartia på nordsida og heldt seg 14. juni i Vennisfjellet nord for Vangsmjøse og ei veke seinare rett aust for Vangsmjøse..

Også ei av kollene merkte i Vikadalen i Årdal hadde lagt ut på langtur. Ho trekte gjennom Valdresdalen til Filefjell og vidare inn i Vang kommune til ho den 14. juni var å finna på Kvamsnøse nordvest for Øye og ei veke seinare enno litt lengre aust.

Den andre kolla merkt i Vikadalen hadde rett nok ikkje forlate Årdal kommune, men eit godt stykkje bar det; gjennom fjellpartia aust for Årdalstangen og Øvre Årdal og gjennom Utladalen før ho 14. juni var å finna mot Hurrungane, nærare bestemt i Midtmaradalen.

Artikkelen held fram under biletet

TREKKA: Slik har dei ti hjortane som vart merkte rundt Nordfjella tidleg i vår trekt fram til 14. juni. Illustrasjon: NIBIO
TREKKA: Slik har dei ti hjortane som vart merkte rundt Nordfjella tidleg i vår trekt fram til 14. juni. Illustrasjon: NIBIO

Også ei av dei tre kollene merkte i Hol drog langt; ho var merkt lang vest i Hol ved Hovet og var 14. juni komen til fjellområda vest for Flå sentrum. 

– Det er tydeleg at dei ikkje berre brukar høgde for å koma seg til sommarbeite ettersom fire dyr her har trekt veldig langt austover, og tre av dei også har hamna i andre kommunar enn dei var merkte, seier Meisingset.

– Smitterisiko i større områder enn kva me trudde

Dei seks siste kollene har halde eit noko meir «tradisjonelt» mønster ved at dei i større grad har trekt til fjells frå dalbotnen etter at det starta å grønkast.

Baksida ved dette er smitterisikoen i høve skrantesjuke. Merkinga vart sett i stand for å kartleggja korleis hjorten i område rundt Nordfjella oppfører seg.

Det er berre villrein i Nordfjella sone 1 mellom Lærdal, Aurland, Hol og Hemsedal som har fått påvist skrantesjuke; per juni fire tilfeller.

Les også: Nytt funn av skrantesjuke på villrein i Nordfjella

Dersom hjort i områda rundt skulle visa seg å vera smitta, kan smitta individ ta sjukdommen med seg langt av garde.

– Då er det smitterisiko i større områder enn kva me trudde. Men dette vil me få meir kunnskap om no når me kan følgja desse hjortane seier Meisingset.

– Det er jo kontinuerlege hjorte- og elgstammar. Per no er det også funne 22 døde hjortar berre i Lærdalsvassdraget; det styrkar biletet av at mange hjortar er «på tur». Fordi det er rimeleg å anta dei har hamna i elvar på trekk, seier viltforvaltar i Lærdal, Årdal og Aurland, Knut Fredrik Øi. 

– Meir enn 90 prosent tilbake til vinterbeitet

Trekkmønsteret er slik at vaksne hjortar, spesielt koller, følgjer eit fast mønster der dei har vinterbeite ein plass lengre ned i lia mot dalbotnen og sommarbeite til fjells. Så er det altså nokre som trekkjer meir rett opp-ned fjellsidene mellom beita, medan andre trekkjer lengre og i større grad langs ein aust-vest-aksen

– Meir enn 90 prosent går tilbake til vinterområdet dei kom frå og følgjer faste trekk.

Det gjeld vaksne dyr, så er det annleis med yngre dyr – dei trekkjer gjerne lengre og i mindre grad i mønster. Meisingset fortel at kolla som trekte frå Borgund i Lærdal til Vennisfjellet i Vang kan ha vore to år gamal då ho vart merkt; dette er dei ikkje heilt sikre på.

– Sommaren dei er litt over to år kan dei framleis gjera eit eller anna rart. Men også unge koller held i all hovudsak trekkmønstra til mora. Då er det annleis med ungbukkar; dei færrast av dei kjem tilbake dit dei var første året. Så det er ungbukkane ein er mest redd for i høve skrantesjuka i Nordfjella. 

Til toppen