KURS: I Dag var det 6 kajakkar å sjå på fjorden. På hausten var det nok ein god del fleire då det er tida dei fleste tar slike kurs.
KURS: I Dag var det 6 kajakkar å sjå på fjorden. På hausten var det nok ein god del fleire då det er tida dei fleste tar slike kurs. (Foto: Youri van der Werve)

Sjøspretten: – Fleire enn nokon gong tar intro- og grunnkurs i havkajakk

Studentorganisasjonen Sjøspretten tilbyr intro- og grunnkurs i havkajakk. Det siste året har særs mange meldt seg på og det har blitt organisert fleire kurs enn nokon gong.

Sogndal: – Det er eigentleg ein altfor fin dag til å ha kurs, seier kurshaldar Torgeir Sørmo Holmset. 

SIKKERHEIT: Kursa handlar mykje om sikkerheit. Det er mykje å tenke på når ein skal ut på padletur. Foto: Youri van der Werve

Fire studentar skal vera med under dagens åtte timars lange kurs ute på Sognefjorden. Turen er grunnkurs i havkajakk, noko som ein kan gjera etter å ha tatt eit introkurs og fått seg våttkort. Likevel er det mykje betre å øva i litt dårlegare vêr, då det kjem ein god del fleire utfordringar.

– I dag skal me øva litt om forskjellige typar redningar, padle teknikkar, litt forskjellig rundt sikkerheit og tips og triks til eigne turar for kajakk, fortell Sørmo Holmset.

Les òg: - Me har lyst å bli ein kajakk kommune òg

Mogleg å låna utstyr

Den siste tida har fleire og fleire blitt interessert i padling. Studentorganisasjonen, Sjøspretten, har også merka det, då dei har hatt mange fleire kurs og påmelde enn åra før.

– Som ny student blir ein veldig fort kjent med nye folk når ein er med på kursane eller turane til Sjøspretten. Eg trur også at det er ein veldig fin moglegheit for mange å få tilgang til leige moglegheitane. Når ein har tatt introkurset i kajakk og er medlem av sjøspretten har ein ubegrensa lånemoglegheiter av utstyr, seier han.

Kursane er fastsatt av det norske padlerforbundet, men moglegheitane er mange når ein kan låne alt av utstyr.

– Ein kan til og med låne hengar og reise til Nærøyfjorden eller Sunnmøre. Det er ein veldig fri hobby. Alt av utstyr er jo til låns. Alt frå sjølve kajakk og åre til våtdrakt og diverse sikkerheitsutstyr.

Viktig med ei dugnadshaldning

Men alt gratis kjem ikkje utan ein pris.

– Det skal ein dugnadshaldning til. Ein kan ikkje få alt så billeg om ting ser forferdeleg ut. Me lærer alle opp til at ein skal skylle utstyret godt og halde ting ryddig og reint. Då blir det mykje mindre arbeid for neste person. Me prøver å halde kostnadane nede ved å oppfordra folk til å vera snille med utstyret.

LANG TUR: Dagens grunnkurs skulle vare heile åtte timar, men i så fint vêr skal ikkje det vere noko problem. Foto: Youri van der Werve

Den raske utviklinga i padlemiljøet overraska alle, men Sørmo Holmset har ein tanke om kvifor det har blitt slikt.

–Sjøspretten har lagt til rette for at det skal vera så enkelt å ta dei kursa som er nødvendige. No på hausten har dei hatt ufatteleg mange kurs og dei har reklamert veldig for kajakkmiljøet her. I tillegg har dei kjøpt inn ekstra utstyr i slutten av fjoråret. Alt det trur eg har sørga for ein stor pågang.

Til toppen