BETRING: Kampanjeansvarleg Anne Margrethe Bøe på beltekontroll i 2015. Foto: Statens vegvesen.
BETRING: Kampanjeansvarleg Anne Margrethe Bøe på beltekontroll i 2015. Foto: Statens vegvesen.

Fleire festar beltet i buss på Vestlandet

Førre veke blei 145 turbussar og om lag 2800 passasjerar kontrollert for beltebruk i buss på Vestlandet. Resultata frå kontrollane visar at om lag 2700 passasjerar i bruk beltet. 

Årdal/Lærdal: – Dette er tal som vi er godt nøgde med, seier Anne Margrethe Bøe, som er kampanjeansvarleg i Statens vegvesen.

Samanliknar ein desse tala med kontrollen som vart gjort i haust, er dei mykje betre denne gongen, fortel ho. 

– Talet har gått frå 22 prosent i fjor til 4 prosent i år av dei som ikkje brukar bilbelte. Dette seier oss at «Belte i buss» - kampanjen er viktig, og at påminninga samt debatten kring problemstillingane uansett får folk til å feste beltet, seier ho.

Frå neste haust vil det kosta 1500 kroner dersom ein gløymer å feste beltet på bussturen. 

– Om det er liv, helse eller gebyr som er grunnen til at folk fester beltet kan vere ulikt hos kvar enkelt. Det viktigaste for oss er at folk fester beltet i bussar der dette er montert, seier Bøe.

Til toppen