MINDRE KØ I VENTE: Fleire fjellovergangar har vore stengte i dag. No er forholda derimot i betring.
MINDRE KØ I VENTE: Fleire fjellovergangar har vore stengte i dag. No er forholda derimot i betring. (Foto: Arkiv)

Nesten alle fjellovergangane har opna: – Ser ut til at det er okey å køyre no

Riksveg 13 Vikafjellet er forventa å opne klokka 14, melder Vegtrafikksentralen.

Tidlegare i dag har både Rv 13 Vikafjellet og Rv 53 Årdal-tyin vore stengt. Sistnemte har allereie opna, melder Vegtrafikksentralen. 

– Det stemmer. Og så håpar me å opne på Vikafjellet klokka 14. Ryddemannskapet for raset som gjekk i går nærmar seg å vere ferdige, seier trafikkoperatør Oliver Hatland Iversen.

Han tvilar på at fleire overgangar vert stengt i løpet av dagen. 

– Det ser ut som at det er meldt fint vêr og at det er okey å køyre no, seier han.

 

Av andre fjellovergangar i Vest ser det slik ut onsdag føremiddag: 

E16 Filefjell: opent

Rv 50 Hol - Aurland: opent

Rv 52 Hemsedalsfjellet: opent

E134 Haukeli: kolonnekjøring

Rv 7 Hardangervidda: kolonnekjøring 

Til toppen