NPK: Det er Nationen som har sett på innspela dei enkelte fylka har sendt til ekspertutvalet til Regjeringa, som skal levere forslaget sitt til oppgåvefordeling 1. februar.
Fleire fylke gjer det klart at makt må flyttast frå Fylkesmannen til dei folkevalde fylka. Dei ønskjer mellom anna at fylka skal overta alle oppgåvene til Fylkesmannen som ikkje har kontroll- og tilsynsfunksjon.
– Fylkesmannen skal sjå til at det stortinget vedtek blir gjennomført. Vi meiner at det som krev skjønn skal leggjast til folkevald politisk nivå, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling til Nationen.
Også fylkesordførarane i Nordland og Troms ønskjer oppgåver blir flytta frå Fylkesmannen til politikarane i fylket.