Årdal: – Me har ikkje noko lovverk å slå i bordet med, men me ønskjer jo at det skal sjå fint ut rundt oss, seier Svein Ove Åmås, koordinator i Årdal Tenk Tryggleik og leiar for utedrifta i kommunen.
Fredag var han i Seimsdalen for å sjå på den omstridde tomta nedanfor sjukeheimen, ei tomt naboane meiner utgjer ein fare for omgjevnadane, samstundes som den skjemmer utsikta. Ein samanrast låve, gamle bilvrak og anna skrot er synet som openberrer seg frå balkongen på sjukeheimen.
- Les òg: Skrot set nok ein gong sinna i kok i Seimsdalen – grunneigar legg seg flat
- Les òg: Vart skulda for å ha dumpa bilvrak, no svarar han
God dialog på synfaringa
Som me skreiv torsdag er grunneigaren lei seg for at det har blitt slikt rot på eigedomen. Samstundes er det ikkje berre han som har dumpa diverse der oppgjennom.
Åmås seier dei vil følga opp både grunneigaren og dei andre involverte og prøva å finna løysingar.
– Me hadde ein god prat med han eine som har ein del utstyr ståande der. Han la seg flat og sa han er villig til å rydda opp sine ting, i allefall før hausten. Då har me nokre månader på oss til å hjelpa til, seier Åmås.
Trur på løysing
I starten av mai viste den nasjonale ryddedagen kva folk kan få til dersom alle går saman og gjer ein liten innsats for miljøet. Kven veit, kanskje kan engasjementet denne saka har skapt føra til at me får ein ny ryddedugnad, denne gongen ekslusivt for Seimsdalen?
Åmås seier han uansett er glad for at folk bryr seg om lokalsamfunnet dei er ein del av.
– Eg likar at folk seier frå, om det er på Facebook, til media eller rett til meg, det er varemerket til Årdal Tenk Tryggleik. Dette ser ut til å verta ei positiv løysing på ei sak som opptek folk i Seimsdalen, seier Åmås.