ULUKKE: Fleire personar vart måndag frakta frå Filefjellet til Sykehuset Innlandet HF. Foto: Tips. 
ULUKKE: Fleire personar vart måndag frakta frå Filefjellet til Sykehuset Innlandet HF. Foto: Tips. 

Fleire henta med luftambulanse 

Måndag føremiddag måtte fleire hentast ut frå skianlegget på Filefjell grunna skiulukke og sjukdom. 

– Det er ordinære helseoppdrag som er svært vanlege på denne tida av året, seier Line Fuglehaug, frå Sykehuset Innlandet HF. 

Måndag føremiddag vart det observert fleire helikopter i nærleiken av Filefjell skianlegg. 

Skada seg på ski

– Me har fått melding om at nokon har skada seg medan dei stod på ski og for andre er det snakk om sjukdom, seier Fuglehaug. 

Vanlegvis gir sjukehuset ut skadeomfanget når det er snakk om større skadar, men i desse tilfella er det snakk om vanlege helseoppdrag.

– Det er ikkje snakk om noko ekstraordinært som har skjedd, og me kan nok venta oss fleire liknande episodar no i påska. Då er det ganske normalt at folk skadar seg medan dei står på ski, avsluttar Fuglehaug. 

Det er AMK-sentralen i Oslo som sender ut luftambulanse frå Sykehuset Innlandet når det skjer ulukker på Filefjell. 

Til toppen