AUKE I MOBBING: Aina Drage starta i haust i jobben som mobbeombod for Sogn og Fjordane. Tal frå elevundersøkingar syner ei auke i mobbing. Kvifor har me ikkje kome lenger? spør ho.
meiningar
AUKE I MOBBING: Aina Drage starta i haust i jobben som mobbeombod for Sogn og Fjordane. Tal frå elevundersøkingar syner ei auke i mobbing. Kvifor har me ikkje kome lenger? spør ho. (Foto: Runar B. Mæland / Sogn og Fjordane fylkeskommune)
meiningar

Fleire hundre elevar vert mobba av vaksne, kvifor er me ikkje komne lenger?

– Kvifor er det naudsynt at me i 2018 må ha eit eige mobbeombod?, spør Aina Drage, mobbeombodet i Sogn og Fjordane, i denne kronikken.

Meiningar: Ein av velferdssamfunnet sine styrkar er at det dekkjer behova våre, mellom anna for at både personleg utvikling og samfunnsutvikling skal kunne gå rett veg. Då vil eg, som fersk mobbeombod i Sogn og Fjordane, våga å stilla spørsmål. Korleis hamna me her? Korleis har me klart å stilla oss slik at me finn det naudsynt å ha eit eige mobbeombod?

Me skriv 2018. Me har prøvd ut ulike antimobbekampanjar i barnehagar og i skular. Me har stramma inn regelverk mot mobbing. Me har involvert Fylkesmannen i skulen sitt arbeid med trygge og gode læringsmiljø. Me har forska på temaet mobbing i om lag 50 år, og held framleis på.

Mekanismane i mobbing er komplekse og kan vera vanskelege å sjå. Me er alle menneske og opplever same ting på ulike måtar.

Aina Drage, mobbeombodet Sogn og Fjordane

Det er heilt tydeleg at me som samfunn ønskjer å leva saman utan mobbing. Kva er det då me ikkje får til? Har me ikkje funne årsaka til mobbing enno eller handlar det om at me ikkje klarar å stogga det?

Eg trur ikkje svaret er eintydig. Mekanismane i mobbing er komplekse og kan vere vanskelege å sjå, me er mange som skal samarbeide for å få til gode leike- og læringsmiljø, og ikkje minst – me er alle menneske, me opplever same ting på ulike måtar. Denne jobben er krevjande å få til.

Mange jobbar for å enda mobbing

Då den nyoppretta stillinga som mobbeombod for barnehage- og grunnskuleborn vart utlyst i vår, var vi mange som ville ha ho. Slik har det vore i alle landets fylke; mange av oss ønskjer å bidra i arbeidet mot mobbing. Til stillinga høyrer det med eit nasjonalt mandat:

1) Mobbeombudet skal støtte og veilede barn, elever og foreldre slik at disse får ivaretatt sine rettigheter til et godt psykososialt miljø i barnehage og grunnskole.

2) Mobbeombudet skal, i samarbeid med elev- og lærlingeombudet i sitt fylke, bidra til at elever og lærlinger får ivaretatt sine rettigheter til et godt psykososialt miljø i videregående opplæring.

Men då er det berre å brette opp ermene då, eller? Kor er det lurt å begynne? Kvar er problemet størst?

Klar auke i mobbing

Ja, lat oss først og fremst sjå på tala: skuleåret 2017-2018 var det totalt 18 224 elevar i grunnskulen og i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane.

1178 av desse svara i Elevundersøkinga at dei hadde blitt mobba på skulen. Dei fleste sa at dei vart mobba av medelevar ved skulen, medan 264 av dei svara at det var ein vaksen som sto for mobbinga. Samanlikna med åra før, viser desse tala ein heilt klar auke i mobbing blant barn og unge.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane viser til at dei i løpet av same skuleår handsama 23 skulemiljøsaker, og kom fram til at skulen hadde brote aktivitetsplikta si i 12 av dei.

Dette er ikkje den tendensen vi har ønskja å sjå. Det er heller ikkje dei resultata vi forventa oss, spesielt med tanke på skular og barnehagar sin innsats mot mobbing og all forskinga som har vorte gjort på feltet.

Eg meiner det er på sin plass å peike på kva opplæringslova §9A-2 seier om eleven sitt skulemiljø: «Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring». Dette er ikkje ei oppmoding eller eit mål. Dette er eleven sin rett, eit lovkrav.

Dei fleste sa at dei vart mobba av medelevar ved skulen, medan 264 svara at det var ein vaksen som sto for mobbinga

Aina Drage, mobbeombod i Sogn og Fjordane

Elevar som ikkje blir høyrde

Ja, så kan det synast å vere på høg tid med eit mobbeombod.

Stillingane som mobbeombod er nye, det vil seie – mobbeombodet for vidaregåande opplæring har vore i arbeid sidan 2014, medan mobbeombodet for barnehageborn og grunnskuleelevar er heilt nytt. Allereie før strategiplanen for jobben var på plass, ringde den første telefonen. Og så den andre.

Det viser seg at me har elevar i skulane våre som opplever å ikkje bli høyrde, ikkje bli forstått, og ikkje bli trudd, elevar som opplever å ikkje bli tekne på alvor av vaksne på skulen.

Det har då vore heilt naturleg for mobbeombodet å bli med på eit møte eller to med skulen, både som støtte for heimen, men òg som talsperson for barnets beste.

I nokre av desse møta har det vist seg at skulen òg har hatt eit ønskje om å snakka. Me har drøfta korleis skulen kan jobba systematisk for eit trygt og mobbefritt miljø, og me har snakka om korleis foreldre og andre vaksne kan bidra. Om desse møta har bidrege til at barn får det tryggare i sine læringsmiljø, må det kunne seiast å vera vinn - vinn.

Me har elevar i skulane våre som opplever å ikkje bli høyrde, ikkje bli forstått, og ikkje bli trudd. Elevar som ikkje blir tekne på alvor av vaksne på skulen.

Aina Drage, mobbeombod i Sogn og Fjordane

Kva enn me tenkjer om at me som samfunn burde ha kome lenger i arbeidet for mobbefrie miljø, så er det slik at mobbeombodet er på plass her no. Og me blir her i Sogn og Fjordane ei stund til, i alle fall ut 2019. Dette er elevane si teneste og ein del av velferdssamfunnet vårt.

Måtte me ein gong nå ei god framtid der denne stillinga vert å rekne som overflødig.

Til toppen