PÅ VEG: Løparane kjempar seg til toppen av Storehaugen i solskinet.
PÅ VEG: Løparane kjempar seg til toppen av Storehaugen i solskinet. (Foto: Jan Christian Jerving)

Fleire hundre var med då Storehaugen Opp feira 10-årsjublieum

Torsdag gjekk løpet i Lærdal av stabelen for tiande år på rad.

Lærdal: I år var det tilsaman 300 som tok seg 900 meter opp på Storehaugen. Av dei var det 80 som konkurrerte på tid, og 220 som deltok i mosjonistklassen. 

Bjørghild Holien, Storehaugen Opp, Lærdal friidrettsgruppe
NØGD: Bjørghild Holien, leiar i friidrettsgruppa i Lærdal og arrangør av Storehaugen Opp, er godt nøgd med løpet. Foto: Jan Christian Jerving

På sjølvaste Kristi himmelfartsdag, feira Storehaugen Opp 10-årsjubileum i strålande sol og sommartemperatur.

Slitne i sommarvarmen

Løparane skrytte av forholda, men det var kanskje litt for varmt for nokre: 

– Nesten i varmaste laget. Det var mange slitne kroppar i målområdet etter løpet. Heldigvis friska ein god porsjon vind opp, seier Bjørghild Holien, leiar i friidrettsgruppa i Lærdal idrettslag, arrangør av løpet. 

– Arrangementet har gått knirkefritt; veldig god stemning heile vegen oppover og folk verkar svært nøgde, seier Holien.

Storehaugen Opp, Lærdal, 2018, 10-årsjubileum, Elisabeth Hildenes, Erland Eldrup
KJAPPAST: Elisabeth Hildenes frå Eid vann i kvinneklassen med tida 41:56, og Erland Eldrup frå Varegg IL vann i herreklassen med tida 35:40. Foto: Jan Christian Jerving

Raskast opp var Erland Eldrup frå Varegg IL, med tida på 35 minuttar og 40 sekundar, 19 sekundar raskare enn fjorårets vinnartid.

I kvinneklassa var det Elisabeth Hildenes som gjorde det skarpast; jenta frå Eid tok seg opp den bratte løypa på 41 minuttar og 56 sekundar.

Til toppen