NYNORSK: Årdal vedtok før jul å droppe språkopplæringa til innvandrar på bokmål til fordel for nynorsk, noko stadig fleire kommunar gjer. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
NYNORSK: Årdal vedtok før jul å droppe språkopplæringa til innvandrar på bokmål til fordel for nynorsk, noko stadig fleire kommunar gjer. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Fleire innvandrarar får opplæring på nynorsk

Kommunane Voss, Ullensvang, Hjelmeland og Årdal vedtok i haust å vrake bokmålsundervising for innvandrarar til fordel for nynorsk.

Vedtaka kom etter ein kampanje som Noregs Mållag står bak.

– I alle desse kommunane har Mållaget vore aktivt inne i påverkingsarbeidet, seier kampanjeleiar Hege Lothe til medlemsbladet Norsk Tidend.

– Dessverre glapp Nissedal kommune for oss. Der gjekk kommunestyret inn for å gå over til bokmål, fortel ho.

Osterøy kommune i Hordaland kan bli den neste som vedtar å undervise på nynorsk.

Noregs Mållag har elles bedt om eit møte med innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) for å drøfte språkopplæringa for innvandrarar og asylsøkarar. Organisasjonen meiner regjeringa må gjere det lettare for kommunane å gi nynorskopplæring, mellom anna ved å sørgje for at det blir utvikla nynorske læremiddel. Der er det i dag bokmålsverka som dominerer. (©NPK)

Til toppen