ENDRINGAR: HVL gjer fleire endringar ved fadderveka i Sogndal.
ENDRINGAR: HVL gjer fleire endringar ved fadderveka i Sogndal. (Foto: Mauricio Pavez)

Fleire justeringar for fadderveka i Sogndal: – Me tilpassar oss situasjonen

I ei pressemelding kjem det fram at alle aktivitetar i regi av HVL om ettermiddagen og kvelden, blir alkoholfrie.

Sogndal: – Me avlyser ikkje fadderveka på HVL, men me tilpassar oss situasjonen og justerer programmet. Det betyr at alle fadderarrangement på dagtid i regi av HVL går som planlagt. Alle arrangement i regi av HVL utover ettermiddag og kveld skal vera alkoholfrie, seier rektor ved HVL, Berit Rokne i ei pressemelding.

– Enkelte planlagde arrangement i HVL-regi, der smittevernreglane med begrensing på tal personar og avstandsreglar blir holdt, vil bli gjennomført, legg ho til.

Rokne fortel at dette gjeld frå og med i dag, onsdag 12. august, og for alle HVL sine fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

– Me har god kontakt med fadderleiarane våre og me har saman følgt utviklinga tett dei siste dagane. Me har gjort nokon tilpasningar undervegs på våre campus, men no tilpassar me fadderprogramme for alle campus.

Til toppen