KØYRDE FOR FORT: Fem personar fekk bot for høg fart i 60-sona på Ljøsne i Lærdal tysdag kveld.
KØYRDE FOR FORT: Fem personar fekk bot for høg fart i 60-sona på Ljøsne i Lærdal tysdag kveld. (Foto: arkiv)

Fleire køyrde for fort i 60-sona

Fem sjåførar fekk bot for å ha køyrt for fort på Ljøsne tysdag kveld.

Ljøsne: Det skriv politiet i Sogn og Fjordane på Twitter. Tysdag kveld hadde UP kontroll i 60-sona på Ljøsne i Lærdal.

Der skreiv politiet ut fem bøter til personar som hadde for høg fart, der høgste farten vart mål til 76 kilometer i timen.

I tillegg skreiv politiet ut elleve gebyr for manglande bilbelte.

På Håbakken var det kontroll av tyngre køyretøy same kveld og natt til onsdag. Her fekk ein sjåfør bruksforbod grunna stor avstand frå underkøyringshinder til bakmontert kran.

Ein hadde ein teknisk mangel med svake bremsar, medan ein siste fekk ei skriftleg åtvaring for brot på køyre- og kviletida.

Til toppen