Sindre Hornes og Ingrid Heggø i Arbeidarpartiet.

meiningar

Sindre Hornes og Ingrid Heggø i Arbeidarpartiet. (Bilde: Arbeidarpartiet)
meiningar

Stortingsvalet 2017

Fleire lærarar i skulen med Arbeidarpartiet

Kvalitet er ikkje gratis, men kanskje vi kan vere samd i at dette er ei investering som er lur å ta? spør Sindre Hornnes og Ingrid Heggø i dette innlegget.

Denne veka går 60 000 born inn døra til klasserommet for fyrste gong, og gjett om dei er spent på kva som ventar dei. Spent på kven dei får som vener og på alt dei skal lære. No har dei 13 år framfor seg med skulegang. Det er mange grunner til å glede seg, men for kvar fjerde elev er det likevel litt fare på ferde. Desse vil ikkje klare det om dagens trend får halde fram.

Vi husker vel alle den gymtimen der vi sto på rekke og rad og skulle bli delt inn i dei ulike laga. Så gjekk gymlæraren ned langs rekka og talde oss inn i dei ulike laga: Ein, to, tre, fire. Enkelt og greitt. Det som blir den uhyggelege parallellen er at læraren kan gjere det same i klasserommet når det første året nærmar seg slutten. Allereie då er det mogleg å sjå kva fjerdedel som kjem til å slite i resten av skulegangen. Ein, to, tre, fire.

Dette er brutalt, men det seier også noko om kva som er mogleg om vi setter inn tiltaka og innsatsen litt tidlegare i skuleløpet. Alle dei politiske partia har vore for treige med å innsjå dette. Inkludert Arbeidarpartiet. Det trur vi at vi berre må ta innover oss. Men så er vi veldig glade for at Arbeidarpartiet har gjort nokre solide forsøk på å løfte dette opp i dei siste statsbudsjetta. For sjølv om Høgre og FRP har satt ned foten til fordel for andre prioriteringar, så kan vi få ei ny regjering som prioriterar fleire lærerar til klasseromma for dei minste elevane våre.

Vi har jo alle opplevd å sitte der i klasserommet utan heilt å skjønne korleis vi kan løyse oppgåva på riktig måte, og knekke koden. Då har det alltid vore avgjerande å få hjelp og oppfølging frå læraren. Når det er for mange som sit der med handa opp i lufta, og læraren ikkje får tilstrekkeleg med tid til deg, så teke det ikkje meir enn nokre år før ein har begynt å henge etter. Før ein blir hengande i baktroppen til klasserommet.

Då seier det seg sjølv at vi må prioritere fleire lærarar til nettopp denne gruppa. Tidlig innsats heiter det på fint. Sunn fornuft blir det i praksis. Med fleire lærerar i klasserommet blir det betre tid til å følgje opp kvar einaste elev. Så må vi berre vere ærlege å seie at dette vil koste pengar. Kvalitet er ikkje gratis, men kanskje vi kan vere samd i at dette er ei investering som er lur å ta?

Vi kjem i alle fall til å ta kampen for dette, og følgje opp med konkrete prioriteringar for å stryke felleskulen vår. Foreldra fortener det. Lærarane fortener det. Og ikkje minst: Elevane våre fortener det!

Sindre Hornnes
Elev ved Hafstad vgs og politisk nestleiar i AUF i Sogn og Fjordane

Ingrid Heggø
Stortingskandidat, Sogn og Fjordane AP

Til toppen