MEIR POPULÆRT: Nettaviser blir stadig meir populære, og i fjor passerte dei papiraviser, viser tal frå Norsk mediebarometer. Illustrasjonsfoto.
MEIR POPULÆRT: Nettaviser blir stadig meir populære, og i fjor passerte dei papiraviser, viser tal frå Norsk mediebarometer. Illustrasjonsfoto.

Fleire les nettaviser enn papiraviser

I 2014 var for første gong nettaviser meir populære enn papiraviser, viser tall frå Norsk mediebarometer.

  • Endret

Mediebarometeret blei publisert av Statistisk sentralbyrå (SSB) tysdag. Ifølgje oversikten var det ein nedgang i lesinga av trykte medium, blant personar i alderen 9 til 79 år i fjor. I 2013 las 51 prosent av befolkninga éin eller fleire trykte aviser ein gjennomsnittsdag. I 2014 hadde delen som les papiraviser, falle til 49 prosent.

Ifølgje SSB føyer nedgangen seg inn i ei utvikling som har pågått lenge. I 1997 var delen papiraviser på 84 prosent.

– Dette er sjølvsagt tal som får oss til å smile, seier redaktør i Porten.no Truls Grane Sylvarnes.

– Men me er ikkje akkurat overraska. Som tala seier, og som opplagstala viste tidlegare i år, så er ikkje dette noko nytt. Slike tal er likevel ei oppmuntring til å halde fram med det me prøver å få til her i Porten.no. 

– Det vil alltid vera konkurranse om å vera einerådande på nyhende, men forskjellen er at våre nyhende har du med deg i lomma og kan lesa når som helst, spesielt etter at nettsidene fekk seg ei oppdatering og vart mobilvenlege. Det viser også lesartala våre. Lesarane har blitt kravstore og vil gjerne vite korleis det gjekk med handballkampen det sekundet kampen er over. Det er slike krav me prøver etter beste evne å møta i Porten.no.

SSB-tala viser samstundes at stadig fleire les avisas internettsider og at nettavisene definitivt har gått forbi dei trykte avisene i popularitet. Lesardelen ein gjennomsnittsdag var 54 prosent i 2014. 

Frå 1997 til 2012 auka delen som las trykte bøker ein gjennomsnittsdag frå 17 til 25 prosent. Dette nivået har halde seg i både 2013 og 2014. Samstundes las berre 2 prosent elektronisk bok i laupet av eit døgn i fjor. Dermed var det totalt 27 prosent som las bøker ein gjennomsnittsdag i 2014.

Ser ein på ei gjennomsnittleg veka i 2014, så hadde 73 prosent lese ei papiravis, 5 prosent hadde lese ei elektronisk bok, medan 44 prosent hadde lese ei trykt bok. 94 prosent var innom internett i laupet av ei gjennomsnittsveke.

84 prosent hadde høyrt på radio i laupet av ei normal veka, medan delen radiolyttarar u laupet av ein gjennomsnittsdag auka frå 59 til 64 prosent frå 2013 til 2014. Auken gjeld først og fremst i dei yngste aldersgruppene frå 9 til 24 år. (©NTB/Porten.no)

 

Til toppen