Sogn: Eit nytt regelverk gjer at alle som skal ta førarkort, eller fornye det, må ha attest frå lege dersom dei har sjukdommar som påverkar evna til å køyre bil, skriv NRK. Sjukdommar som diabetes og kols er nemnd som døme.
I dag må du sende inn søknad til Fylkesmannen i slike saker, men no skal den medisinske vurderinga over på legane.
I dag har fastlegane allereie merka auka pågang av folk som treng legeattestar. Norsk Forening for Allmennmedisin trur den nye ordninga vil gå ut over tida deira til kvar enkelt pasient, mykje papirarbeid og meir byting av fastlege.
– Det kan leie til ein type «Fastlegehopping». Der pasientar berre hoppar til ein ny lege om dei får nei frå til dømes fastlegen, seier leiar i Norsk Forening for Allmennmedisin Petter Berlin til NRK. (©NPK)