MERKDSEMD: «Allmennfag eller studiespesialiserande er sjølvsagt viktig, men yrkesfaga får etter mitt syn alt for lite merksemd», skriv Nils P. Støyva.
meiningar
MERKDSEMD: «Allmennfag eller studiespesialiserande er sjølvsagt viktig, men yrkesfaga får etter mitt syn alt for lite merksemd», skriv Nils P. Støyva. (Foto: Arkiv)
meiningar

Fleire må velje yrkesfag!

Kvar på vår plass må vi bli langt flinkare til «å prate opp» og marknadsføre yrkesfaga i den vidaregåande skulen.

Tusenvis av ungdomar rundt om i landet og fylket vårt held i desse dagar på å ta viktige val for framtida. Det store spørsmålet er kva line eller studieretning i den vidaregåande skulen den einskilde elev skal velje. 

Allmennfag eller studiespesialiserande er sjølvsagt viktig, men yrkesfaga får etter mitt syn alt for lite merksemd. Mange fleire burde valt denne studieretninga. Samfunnet, næringslivet og kommunane skrik etter personar med yrkesutdanning og fagbrev.

Innan yrkesfaga i den i den vidaregåande skulen kan ein velje mellom åtte ulike studieprogram kvar med rekkje ulike liner. Dette er bygg- og anleggteknikk, design og handverk, elektrofag, helse- og oppvekstfag, naturbruk, restaurant- og matfag, service og samferdsel og teknikk og industriell produksjon.  Dette er studieprogram som fører fram til fagbrev etter to år i den vidaregåande skulen og deretter to som lærling.

Undersøkingar i næringslivet og hos kommunane viser at det er svært stor trong for personar med fagbrev eller anna fag- og yrkesutdanning. NHO sitt næringsbarometer, LO si undersøking i forbunda og NAV sine lokale kartleggingar viser at det stort behov for tømrarar, betongarbeidar, sjåførar, elektrikarar, næringsmiddelopratørar, kokkar, rørleggar, helsefagarbeidarar, barne og ungdomsarbeidarar.

Denne lista kan gjerast mykje lenger, men eg kan ikkje nemne opp alle yrke som manglar arbeidskraft. Næringslivet seier sjølve at mangel på faglært arbeidskraft er ein av dei viktigaste grunnane til at det ikkje er moglege å auke tal tilsette og få til ei endå større lokal verdiskaping. 

Mange hevdar at ved å ta eit fagbrev er ein låste til same faget resten av livet. Dette er feil. For dei som måtte ynskje det, er det høve til å ta eit år med påbygging etter fullført fagbrev. Dette er ein rett alle som tek yrkesfag har. Fullført  påbygg gir studiekometanse og rett til å studere på høgskular og universitet.

Det er også mogeleg å gå y-vegen via ein fagskule og deretter vidare til ingeniørutdanning eller ein annan høgskule. I nærings- og arbeidslivet er ingeniørar med fagbrev svært ettertrakta arbeidskraft. Dette fordi ingeniørar med praktisk erfaring, ofte lettare kan tilpasse teorien frå høgare utdanning til den praktiske kvardagen ute i arbeidslivet.    

Ein viktig del av denne diskusjonen er å heve statusen til yrkesfaga. Både næringslivet, foreldregenerasjonen, lærarar, rådgjevarar og politikarar må bli flinkare til få fram behovet for personar med fagkompetanse.

Kvar på vår plass må vi bli langt flinkare til «å prate opp» og marknadsføre yrkesfaga i den vidaregåande skulen. Gjennom å heve statuesen og kunnskapen om yrkesfaga, er det håp om at fleire vil velgje denne viktige vegen til eit framtidig yrke. 

Til toppen